Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 2. februar

Andakter 2015 Hvilke forbilder gir deg mot i hverdagen? Her får du høre historien om en kvinne som gir mot.

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Har du spart på teikningane dine frå barneskulen? Me teikna mykje, særleg i kristendoms- og historietimane. På første sida i boka frå 2. klasse har eg teikna ei brei turkisfarga elv. Det flyt ei oransje korg i elva, og eg har teikna ein baby som ligg i korga. Ved sida av elva står ei jente på min alder, med langt svart hår og raud kjole. Ho strekkjer hendene sine mot korga. Lærarinna min har fortal om Mirjam som redda Moses. Og denne historia om Mirjam som fann Moses i korga på elva, sit fast i minnet mitt. Dette kunne eg om Mirjam. Heilt til eg begynte å lese til prest. Oi, Mirjam dukke jo opp fleire stader i Bibelen. Eg gjer ho stor urett om eg berre hugsar ho for ein ting.

Moses si historie er kjend. Han vaks opp i farao sitt palass, han møtte Gud i ein brennande tornebusk og han fekk i oppdrag å leia Israels folket ut av Egypt.

Men i dag vil eg tenne eit lys for søster til Moses: Mirjam. Mirjams historie er spreidd utover i tre av dei fem Mosebøkene. Det siste vi høyrer om henne er at ho blei gravlagd i ørkenen Kadesj. Etter ein søskenkrangel blei ho straffa med ein hudsjukdom, «huda hennar var som snø.»

I den mest dramatiske hendinga i israelsfolkets historie spela Mirjam ei heilt spesiell rolle. Israelittane var på flukt frå Egypt, følgde av faraos og heile hans hær hakk i hel. Då havet deler seg i to, bryt Mirjam seg fram. Hun samlar alle kvinnene rundt seg og isceneset eit jubeltog med trommer og dans.

Mirjam song i vekselsong med dei: "Syng for Herren...." På ein mirakuløs måte skilde vatnet i Sivsjøen seg slik at israelittane kom tørrskodde over. Faraos følgje derimot, fekk havet over seg og hestane for i sjøen med vogner og menn.

«Så tok Mirjam, som var ein profet, eit tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på trommer og dansa.» Eg ser ho lett framføre meg, Mirjam leier prosesjonen av jublande kvinner. Eg let meg inspirere av Mirjam på kvinnegudstenestene som bymisjonen i Bergen og Oslo legg til rette for kvinner på gata om natta: Halv fire er det «worship», og der er det trommer og jublande gospelsong! Mirjam tok leiarskapet, ho blir omtalt som profet.

Takk Mirjam, du gir mot!

Fader Vår
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.

Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte si åsyn på deg og gjeve deg fred!

Kari Veiteberg

Musikk: Aretha Franklin, James Cleveland og The Southern California Community choir - «Mary Don't you Weep»

Skog