Hopp til innhold
Kronikk

Paradegreina bistand er ikkje nok

Regjeringa Solberg har lova at norsk politikk skal vere bra for utviklingsland. Men gir vi med ei hand, medan vi tek med den andre?

bistand

«Erna Solberg har sjansen til å vise at norsk utviklingspolitikk er meir enn paradegreina bistand», skriv kronikkforfatteren. Dette bildet frå 2012 viser barn i matkø i Mogadishu i Somalia.

Foto: Ben Curtis / AP

Bistand er berre ein liten del av norsk politikk med konsekvensar for utviklingsland. Norske investeringar, klimapolitikk, våpeneksport og handelspolitikk er minst like viktige for utviklinga i fattige land som bistand.

Den verkelege målestokken for om Noreg driv ein utviklingsvenleg politikk kjem i dei tilfella kortsiktige norske interesser går på akkord med behova til utviklingsland. I ein rapport som Kirkens nødhjelp lanserer i dag viser vi korleis utviklinga gong på gong må vike ved slike høve.

Våpen og olje

Vi ser det på våpen: Norske styresmakter skal ha ros for å ha jobba aktivt for ein internasjonal våpenhandelsavtale. Samstundes er Noreg ein storeksportør av våpen som ikkje krev merking av ammunisjon eller kontrollerer at våpena ikkje vert selt vidare til bruk i konflikt- og krigsområde som Syria, Israel eller Sri Lanka. I tillegg tillèt vi at norskeigde Nammo sine våpenfabrikkar i utlandet sel forsvarsmateriell til land med utbreidde brot på menneskerettane, til dømes Saudi-Arabia, Qatar og Dei foreinte arabiske emirata.

Noreg er storeksportør av våpen utan at me sikrar at våpna ikkje vert selt vidare til bruk i konfliktområder som Syria, Israel eller Sri Lanka.

Anne-Marie Helland

Eit anna døme er regjeringa sin ambisjon om å føre ein offensiv klimapolitikk og forsterke klimaforliket. Dette er veldig positivt, då det er verdas fattigaste som vert hardast råka av klimaendringane.

Det lyder likevel noko hult når den same regjeringa vil halde «eit føreseieleg og høgt tempo når det gjeld å tildele nye område for petroleumsaktivitet», ein sektor som står bak dei høgaste utsleppa i Noreg i dag. Det krev målretta styring å få ein samstemt politikk.

FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook

Drar i forskjellige retningar

«Hvor er dirigenten?» er tittelen på rapporten Kirkens Nødhjelp lanserer i dag. Her går vi igjennom dei viktigaste politikkområda for Noreg opp mot utviklingsland og gjev våre eigne vurderingar og karakterar. Konklusjonen er at norsk politikk på mange områder drar i vidt forskjellige retningar, stikk i strid med ambisjonane. I Sundvolden-plattforma lova regjeringa Solberg å føre ein samstemt utviklingspolitikk, der tiltak innan ulike sektorar trekk i same retning.

Manglande samstemtheit skuldast først og fremst manglande overordna styring.

Anne-Marie Helland

Og det er sant at Noreg fører ein rosverdig utviklingsvenleg politikk på somme felt, til dømes ligg Noreg langt framme internasjonalt i arbeidet med gjeldslette. Men: der gode intensjonar bryt krefter med sterke interesser må utviklingslanda vike. Medan dette er problematisk på dei felta det gjeld er hovudproblemet likevel ikkje politikk på enkeltområde, men at norsk politikk for utvikling gjennomgåande er meir ustemt enn samstemt. Og manglande samstemtheit skuldast først og fremst manglande overordna styring.

Utviklingspolitikk er meir enn bistand

Ein av grunnane til at styringa manglar er at regjeringa evaluerer samstemtheit for utvikling ved å gje karakterar til seg sjølv. Denne vurderinga framstår meir som bakoverskuande argumentasjon for at politikken har vore samstemt enn ei framtidsretta evaluering av kva grep som kan takast for å oppnå det, og har vorte kritisert av OECD i deira tilbakemeldingar på norsk utviklingspolitikk.

Det er gledeleg at Erna Solberg har freda bistandsprosenten, men den kan ikkje vere ei kvilepute.

Anne-Marie Helland

Regjeringa må ta konsekvensen av at utviklingspolitikk er meir enn bistand. Det er gledeleg nytt at Erna Solberg har freda bistandsprosenten, men den kan ikkje vere ei kvilepute. Skal Noreg fortsetje å vere eit føregangsland i utviklingsspørsmål kan vi ikkje tillate at kortsiktige norske interesser køyrer over dei store og langsiktige linjene i utviklingspolitikken.

Kirkens Nødhjelp oppmodar Solberg til å opprette ein instans i Utanriksdepartementet som har ansvar for å overvake og initiere samstemt politikk for utvikling, og som andre departement rapporterer til. Framgangen må evaluerast ved ein årleg og uavhengig forskingsbasert rapport. Dette er konkrete initiativ som vil leggje til rette for effektiv og målretta styring for ein samstemt utviklingspolitikk på tvers av departementa. Det er ein sjanse for Erna Solberg å vise at norsk utviklingspolitikk er meir enn paradegreina bistand.