Hopp til innhold
Kronikk

Jappetidsnostalgi

Den mørkeblå regjeringa set merkelappen «retro-regjeringa» på seg sjølve når dei møter kritikk for å vere gammaldags. Dei har ikkje skjønt skiljet mellom retro og avleggs.

Michael Douglas og Charlie Sheen Wall Street

Charlie Sheen som Bud Fox og Michael Douglas i hans ikoniske rolle som Gordon Gekko frå Oliver Stones film «Wall Street», som var med på å definere jappetida. Den borgarlege regjeringa prøver jappetidsnostalgisk å bringe tilbake tidlegare tiders politikk, skriv Arbeiderpartiets Fredric H. Bjørdal i denne kronikken.

Foto: Scan-Foto / NTB scanpix

Noko var rett nok betre før. Fotballandslaget. Rockemusikken. Dei olympiske leikane. Tilhøvet til Kina.

Likevel blir det meste betre med tida, og det som ein gong var ei moderne nyvinning blir pensjonert og erstatta av noko nytt. Som overhead-projektoren, sjekkheftet eller telefonkiosken. Det som er, blir til det som var. Nytenking og innovasjon er den naudsynte drivkrafta for eit samfunn som det norske, som er avhengig av å henge med i tida.

Mange samfunnsendringar er politisk initierte, og det same prinsippet om utvikling og innovasjon ligg til grunn her. Det er sjeldan at ein ser seg attende og tek i bruk gårsdagen sine løysingar for framtida sin politikk.

Fram til vi fekk den mørkeblå regjeringa, vel å merke. No er det blitt regelen snarare enn unntaket at ein hentar fram utdaterte forslag og politikk ingen trudde skulle få sjå dagslys igjen.

I år har vi fått presentert sak etter sak som minner mistenkeleg om ein politisk debatt som høyrer til ei anna tid: Reduksjon i fedrekvoten. Abortdebatt. Færre og dyrare barnehagar. Svekking av arbeidarvernet.

LES OGSÅ: Regjeringen vil kvitte seg med aksjer for 46 milliarder kroner.

Arvesølv på billigsal

Kva er dette, anna enn umoderne og avleggs politikk, og omkampar på dei viktige politiske sigrane folk vann i førre hundreår? Skilnaden er at det blir pakka inn i bomull og kreativ retorikk, og presentert som moderne og innovative endringar.

Dette er ikkje noko anna enn thatcherisme på norsk.

Fredric Holen Bjørdal, stortingsrepresentant (Ap)

Vi kan ta det siste krumspringet frå næringsministeren som døme. Høgre framstilte seg som moderate før valet, men viser no sitt sanne ansikt. Dei ivrar voldsomt for å opne stadig nye delar av offentleg sektor for private. No varslar dei dramatiske utsal av norske statsselskap. Den offentlege grunngjevinga til regjeringa vil sjølvsagt vere omsynet til verdiskaping, arbeidsplassar, folk og land. Men her ligg det eit uuttalt, ideologisk premiss: at det er eit problem for Høgre at verdiar som kan eigast av private, ikkje eigast av private.

Dette er ikkje noko anna enn thatcherisme på norsk, frå Erna Solberg og hennar jappetidsnostalgiske regjering. Privatisering for privatiseringa si skuld. Å kvitte seg med fellesskapet sitt arvesølv, nesten som ei nevrotisk tvangsliding. Sjølv eit selskap som Flytoget, som går med overskot og fungerer utmerka slik det er i dag, vil dei selje. Det finst ingen gode praktiske eller samfunnsøkonomiske grunnar for å gjere dette. Det er ikkje pragmatiske omsyn som ligg bak, men reinspikka broilerideologi frå Unge Høyre sine studiesirklar.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Tilbake på museumshylla

Eg er for både retro klede og møblar. Og har stor glede av å blåse støvet av far min sine gamle vinylplater. Men eg er ikkje for det nokon hevdar er retro politikk. Akkurat når vi har gløymt kvifor vi kvitta oss med noko, tek vi det inn i varmen igjen og døyper det trendy og retro. Vi har gløymt abortdebatten på 1970-talet og motstanden mot privatisering og nedsalg på 80-talet.

Og det er ikkje alle som hugsar korleis det var då kvinner stod utanfor arbeidslivet og var avhengige av mannen. Ein mann som måtte jobbe overtid, kveld og helg for å få det til å gå rundt.

Det er reinspikka broilerideologi frå Unge Høyre sine studiesirklar.

Fredric Holen Bjørdal, stortingsrepresentant (Ap)


Sirkelen er at vi går vekk frå det tidsrette og korrekte, og blir nostalgiske, før vi ombestemmer oss igjen. Nokre av veljarane vart leie av det raudgrøne og inn kom det mørkeblå. Konsekvensane var ein kanskje ikkje heilt budde på. Heldigvis hugsar vi når det gjeld som mest. Reaksjonane og demonstrasjonstoga mot til dømes reservasjonsretten er tydelege signal. Folk vil ikkje ha den gammaldagse politikken. Vi reagerer på eit parti i regjering som gjekk til val på «nye idear og betre løysingar», for så å presentere utdaterte politiske forslag.

Noko var betre før, men ikkje alt. Akkurat som med gamle furumøblar, brune skinnslips og rosa plysj på do, vonar eg politikken til den mørkeblå regjeringa får kort levetid som trendy. Og blir plassert tilbake på museumshylla der han høyrer heime.