Hopp til innhold

Slektningar nektar å gi opp håpet om at passasjerane kan vere i live

Kinesiske familiemedlemer av passasjerane på det sakna malaysiske flyet klamrar seg framleis til håpet om at deira kjære framleis kan vere i live.

Slektningar demonsterer i Malaysia.

Dei kinesiske familiemedlemene er langt frå nøgde med korleis malaysiske styresmakter har handtert flyforsvinninga.

Foto: Aaron Favila / Ap

Fleire titals kinesiske familiemedlemer av passasjerar på MH370 demonstrerte på eit hotell like utanfor Kuala Lumpur i dag med krav om ei forklaring på kva som har skjedd med slektningane deira.

Også i Beijing har det vore liknande demonstrasjonar framfor den malaysiske ambassaden.

Vil ha bevis

Kinesiske pårørande kom til Kuala Lumpur.

Fleire titals kinesiske pårørande kom til Malaysia søndag.

Foto: Aaron Favila / Ap

Familiemedlemene kom frå Beijing til Kuala Lumpur tidlegare i dag, og det tok ikkje lang tid før dei starta protestane. To tredelar av dei 277 passasjerane om bord i det sakna malaysiske passasjerflyet, som forsvann sporlaust natt til 8. mars i år, var kinesarar.

Dei kinesiske demonstrantar heldt opp plakatar med slagord som «Vi vil ha bevis og sanninga», «Gi oss mordarane» og «Gi oss slektningane våre tilbake».

Dei kinesiske slektningane har heilt sidan flyet vart borte frå radarskjermane kome med hard kritikk av malaysiske styresmakter for korleis dei har handtert saka.

LES OGSÅ: Søker etter vrakdeler i 60 meters høyde

LES OGSÅ: Tre «mistenkelige» gjenstander funnet under letingen etter det savnede flyet

Krev orsaking

Ein talsmann for dei kinesiske pårørande, Jiang Hui, seier at dei krev ei orsaking frå malaysiske styresmakter for det dei meiner er alvorlege feil som vart gjorde dei første dagane etter at flyet forsvann.

Dei krev også ei orsaking for at Malaysias statsminister 24. mars gjekk ut og sa at det ikkje var nokon tvil om at flyet hadde styrta i havet, og at det ikkje var mogleg at nokon hadde overlevd. No vil dei ha eit møte både med statsministeren og transportministeren

Slektningar demonstrerer i Malaysia.

Kinesiske pårørande krev ei orsaking frå statsministeren i Malaysia.

Foto: Aaron Favila / Ap

Jiang Hui meiner at korkje den malaysiske regjeringa eller flyselskapet har noko bevis for at flyet har styrta. Mange av dei kinesiske pårørande klamrar seg til håpet om at flyet kan ha vorte kapra og teke til ein ukjend stad, og at passasjerane kan vere i live.

LES OGSÅ: Alle «sannhetene» om det savnede flyet

LES OGSÅ: Har funnet mulige flydeler utenfor Australia

– Kva er dei redde for?

Slektningane til passasjerane meiner også at det faktum at leiteområde stadig har vorte endra, først i eit område nær Vietnam, seinare til Malaysia og Indonesia, og no vest for Australia, viser at styresmaktene har gjort mange feil.

Dei pårørande krev også eit møte med representantar for flyselskapet Malaysian Airlines, flyfabrikken Boeing og motorprodusenten Rolls-Royce.

Gjenstand i Indiahavet.

Ein av fleire gjenstandar som er funne i Indiahavet, men som ikkje stammar frå det sakna flyet.

Foto: Jason Reed / Ap

– Det har gått 22 dagar no og ingen av dei har vist seg. Kan det vere slik at det er alvorlege feil ved produkta deira? Kva er dei redde for?, spør Jiang Hio retorisk.

LES OGSÅ: – De pårørende er like frustrerte

LES OGSÅ: Det norske skipet fortsetter letingen med lyskastere i natt

Mange funn – ingen frå flyet

I dei aude havområda vest for Australia held leitearbeidet fram for fullt. Åtte skip leitar etter eventuelle vrakdelar døgnet rundt, medan ti fly frå seks ulike land deltek i søket frå lufta så lenge det er lyst.

Hovudsøket går no føre seg i eit område i Indiahavet rundt 1850 kilometer vest for den australske storbyen Perth. Det blir stadig funne gjenstandar i havet, men ingen har hittil vist seg å ha noko med det sakna passasjerflyet å gjere.

LES OGSÅ: Flight MH370 og jakten på mening

Demonstrasjon i Malaysia.

Fortvilte kinesiske pårørande rettar sinnet sitt mot malaysiske styresmakter.

Foto: Aaron Favila / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt