Det har vore demonstrasjonar over store delar av landet i dag som følgje av det brutale drapet på Pavlos Fyssas (34), som hadde kunstnarnamnet Killah P. Den 45 år gamle mannen som knivstakk artisten sa etter arrestasjonen at han var nynazist og er med i partiet «Gylden Daggry».
Ein krangel om ein fotball på ein kafe i forstaden Keratsini vest i Aten, utvikla seg til ein politisk diskusjon. Det enda med at 45-åringen stakk Pavlos Fyssas til døde med kniven han hadde på seg. Fyssas skal ha høyrt til på den politiske venstresida i Hellas.
Raseri på venstresida
Drapet førde til raseri blant venstreorienterte i landet. Venstresida har lenge åtvara mot «Gylden Daggry». Partiet, som er representert i den greske nasjonalforsamlinga, byggjer mykje av retorikken sin på innvandrarfiendtlege haldningar.
Samstundes deler partiet også ut mat til fattige grekarar, og dette har gjort at partiet har haust mykje sympati i ein del miljø. Fleire partimedlemer har dei siste åra vore innblanda i valdsepisodar retta mot innvandrarar. Mange av støttespelarane til partiet legg ikkje skjul på at dei reknar seg som nynazistar.
Partiet har i dag offisielt sagt at drapet ikkje har noko med «Gyllent Daggry» å gjere. Regjeringa skuldar likevel partiet for drapet, og regjeringstalsmann Simos Kedikoglou ber dei andre politiske partia i Hellas om å ta avstand frå den rå valdsbruken partiet står for.
– Ein kriminell organisasjon
Visestatsminister Evangelos Venizelos frå Sosialistpartiet seier at «Gyllent Daggry» har vald som sin hovudprioritet, og at partiet er å sjå på som ein kriminell organisasjon.
Sist fredag vart fleire kommunistar frå partiet KKE banka opp av nynazistar i Keratsini vest i Aten, og spenninga mellom dei to grupperinga i Hellas er no på brestepunktet.
Politiet har i kveld avfyrt tåregassgranatar mot demonstrantane i både Aten, Tessaloniki, Xanthi, Larissa og Patras. Dei fleste demonstrantane opptrer roleg, men ei lita gruppe kastar stein og brannbomber på politiet.
Angrep på politistasjon
I Keratsini, der drapet skjedde i dag tidleg, gjekk ei gruppe unge demonstrantar i kveld til angrep på ein politistasjon like ved drapsstaden.
Leiar Hannes Swoboda i Den europeiske unionen av sosialistiske og demokratiske parti si gruppe i Europa-parlamentet, oppmodar greske styresmakter om å vurdere å forby det nynazistiske partiet.
Amnesty International ber styresmaktene i Hellas om å gjere alt dei kan for å hindre slike drap.