Hopp til innhold

Jaktar på seks mistenkte i Genève

Myndigheitene i den sveitsiske byen Genève har auka tryggingsnivået etter å ha fått ein konkret trussel. Politiet er no på jakt etter seks personar, melder Reuters.

Palais des Nations

AUKA BEREDSKAP: Genève er hovudsete for FN og fleire internasjonale organisasjonar.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Politiet i Genève har auka beredskapsnivået, forsterka talet på politi på bakken og auka overvakinga av grensa mot Sveits, melder fleire nyhetisbyrå.

Dette skjer etter at dei i går fekk informasjon frå føderale myndigheiter som gav signalementet til fire mistenkte som skal opphalde seg i regionen, skriv Tribune de Genève. Ifølge den sveitsiske avisa le Martin er det informasjon frå den amerikanske etteretningsetaten (CIA) som førte til at det vart slått alarm.

Skal vera IS-tilhengjarar

Dei fire mennene skal ifølge CIA vera tilhengjerar av terrorgruppa Den islamske staten (IS). Av informasjon som avisa Le Martin har fått tak i, går det fram at dei ettersøkte skal vera væpna og farlege.

Det vart først sagt at mennene kan ha hatt samband til terrorangrepa i Paris førre månad, men politiet understrekar no på sveitsisk TV at desse ikkje skal ha direkte samband med Paris-terroren, men at informasjon om desse skal ha kome fram i den breie etterforskinga i etterkant av angrepa.

I løpet av natt til onsdag skal ein varebil med belgiske skilt ha køyrt inn i Sveits. I bilen sat to menn som styresmaktene også jakter på. No samarbeider internasjonale og føderale myndigheiter for å lokalisere dei mistenkte.

Advarer israelarane spesielt

Ei kjelde i tryggingstenesta i Genève seier til sveitsisk radio at trusselen no har gått frå å vera vag til å bli konkret, og at israelarane i Genève er blitt spesielt advart. I tillegg vart FN sitt europeiske hovudkvarter evakuert onsdag kveld.

Tryggingsvaktene ved alle inngangsportar er utstyrte med maskinpistolar, eit høgst uvanleg tiltak ved det enorme komplekset. Også fleire journalistar har rapportert om auka vokting av området, skriv franske 20 minutes.

Eit møte mellom russiske og amerikanske representantar der Syria står på dagsorden skulle haldast i FN-bygget i morgon, men no er møte blitt flytta til ei hemmeleg adresse, melder La Tribunde de Geneve.

Ifølge CIA er det ikkje berre Genève som er trua, men også byane Toronto i Canada og Chicago i USA

SISTE NYTT

Siste nytt