Hopp til innhold

Måtte rømme frå blokk i full fyr

44 personar vart evakuert frå blokka som brann på Risvollan i Trondheim. Sjølv om evakueringa var ryddig og fungerte godt, var det dramatisk. – Eg opplevde det som veldig, veldig tøft, seier Christine Årrestad Sæbø.

Montasje brann Risvollan Christine

Brannen på Risvollan var dramatisk for bebuarane. Christine Årrestad Sæbø var tilbake utanfor den utbrende blokka onsdag morgon.

Foto: Henrik Sundgård/Morten Karlsen / Montasje/NRK

Brann Risvollan. Slukking

Fleire leilegheiter er heilt utbrende etter den kraftige brannen på Risvollan.

Foto: Henrik Sundgård

Ho vart vekt av kjærasten sin rundt klokka 0230.

– Da vi såg ut, lyste det raudt og gult og oransje. Det var tydeleg at det brann kraftig, seier Sæbø.

Dei sprang rett ut, og såg at blokka, som ligg i Asbjørn Øveraas' veg på Risvollan, sto i full fyr.

– Det er ei leilegheit mellom der vi bur og der det brann. Eg ser at rekkverket på verandaen vår ikkje er skadd, så eg håper og trur at alt er i orden der inne, seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Storbrann i rekkehus på Risvollan

Ho fortel om ei evakuering som gjekk greitt for seg, sjølv om situasjonen var kaotisk.

– Vi vart møtt av politiet, som sende oss i taxiar ned til Royal Garden hotell, der vi fekk kvile nokre timar.

Til saman 44 personar vart evakuert, elleve vart sendt til St. Olavs hospital for ein sjekk. Dei skal ha pusta inn røyk, men ikkje vere alvorleg skadd.

I 06-tida onsdag morgon var ho tilbake utanfor brannstaden.

– Men no er vi her for å hente bilen og komme oss til nokre vener, der vi kanskje kan sove litt meir. Vi veit ikkje noko om korleis det ser ut inne i huset. Det kan vere vasskadar eller røykskadar. Vi får vel vite meir utover dagen, seier Christine Årrestad Sæbø.

Ho innrømmer at det var tøft å bli vekt av ein storbrann.

– Det var ei stor påkjenning sidan det var så nært, seier ho.

Fire eller fem leiligheiter er heilt utbrende.

– Dei som vart evakuert, vil få beskjed når dei kan komme heim, seier Anders Sunde Eidem, seksjonsleiar for etterforskning i politiet. Det er oppretta eit kriseteam for dei evakuerte.