Hopp til innhold

Bønder demonstrerer mot WTO

Trønderske bønder fryktar at ein ny runde i Verdas handelsorganisasjon (WTO) skal føre til rasering av landbruket. Nå mobiliserer de til stormarkering i Oslo neste uke.

Anders Røflo vil protestere
Foto: Knut Reitan / NRK

Ved kontoret til Nord-Trøndelag bondelag i Steinkjer går førebuingane for fullt. Til no har 20 bønder meldt seg på frå nordfylket , og vel så mange frå sør. Torsdag neste veke drar dei sørover til Oslo for å demonstrere - saman med opp mot 400 andre norske bønder.

Neste veke er det ministermøte i verdas handelsorganisasjon (WTO), og det er på grunn av dette at bøndene skal markere seg i Oslo.

- Det hastar med å få markert synspunkta til bondelaget, seier rådgjevar i Nord-Trøndelag bondelag, Pål-Krister Langlid.

Bonde Anders Røflo
Foto: Knut Reitan / NRK

Anders Røflo driv med kjøtt- og melkeproduksjon, og har 25 kyr på båsen. På torsdag er han ein av bortimot femti trønderbønder som tar turen til Oslo. - Det gjer vi fordi WTO går inn for å redusere tollen på importerte matvarer med rundt 70 prosent, og det er ganske alvorleg for norsk landbruk, seier Røflo.

Og det er denne frykta for kva WTO-forhandlingane kan føre til, som gjer at norske bønder vil markere seg.

- Det berører dei mest sentrale rammevilkåra og instrumenta i norsk landbrukspolitikk. Vi er avhengige av dette for å produsere mat over heile landet, og i ein slik skala som i dag, seier Pål-Krister Langlid hos bondelaget.

Pål-Krister Langlid
Foto: Knut Reitan / NRK