Hopp til innhold

Mann oppbevarte fleire kilo hasj på Tromsø-hotell

Mann sikta for grov narkotikakriminalitet i Tromsø.

Nord Troms tingrett

Saka mot den narkotika-tiltala mannen skal opp i Nord-Troms tingrett i september.

Foto: Petter Strøm / NRK

Ein mann i tjueåra frå Litauen står i Nord-Troms tingrett tiltalt for å ha oppbevart store mengdar narkotika.

Mannen skal ha oppbevart store mengder narkotika på to ulike hotell i Tromsø i mars i år. Han skal oppbevart til saman 7,75 kilo hasj.

Ifølgje tingretten vert lovbrotet sett på som svært grovt, og det vert lagt vekt på det store kvantumet av det narkotiske stoffet mannen skal ha oppbevart. Han er tiltalt for brot på straffeloven sin paragraf 162. Ved grove lovbrot på straffelova er strafferamma fengsel inntil 10 år.

I tillegg er mannen også tiltalt for å ha brote utlendingslova. Mannen vart nemleg varig utvist frå Norge og vart uttransportert til Litauen i fjor. Han hadde ikkje fått innvilga innreiseløyve til Norge da han oppheldt seg i Tromsø i vinter.

Saka skal opp i Nord-Troms tingrett i slutten av september.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark