Hopp til innhold

– Byrådet må inkludere innvandrarane i arbeidet mot radikalisering

Leiar av Somalisk foreining i Tromsø rasar mot den politiske leiinga si «manglande kunnskap» om radikalisering.

Kurdiske militssoldater står foran en kirke i Tel Jumaa

Etter ekspansjonen og merksemda IS har fått, har det vore ei kraftig auke i talet på nordmenn som sluttar seg til gruppa.

Foto: STRINGER / Reuters

I oktober kom det krav frå statsminister Erna Solberg om at fleire kommunar må ta grep mot ei auka radikalisering.

Byrådsleiar Øyvind Hilmarsen i Tromsø seier til VG at Tromsø kommune ikkje har nok kunnskap om arbeid mot radikalisering

Dette utspelet får Kystparti-politikar og leiar av Somalisk foreining i Tromsø, Ahmed Warsame, til å reagere. Han meiner at byrådet i Tromsø ikkje har gjort nok for å samarbeide med innvandrarmiljøa og minoritetsgrupper, som han meiner sitt på mykje verdifull kunnskap.

Ahmed Warsame

Ahmed Warsame reagerer kraftig på utspelet til Øyvind Hilmarsen om at kommunen ikkje har nok kunnskap om arbeidet mot radikalisering.

Foto: Privat

– Det er bra at kommunen søker pengar til arbeidet mot radikalisering, men når han legg til at kommunen manglar kunnskap om dette arbeidet, så er det berre tøv, meiner Warsame.

Innvandrarane kan bidra med mykje

Byrådet må strekke seg lenger for å få ein dialog med innvandrarmiljøa, meiner den norsk-somaliske politikaren.

– Vi blir ikkje høyrt, og byrådet veit ingenting om korleis innvandrarane har det. Mange av oss er velutdanna, veit mykje og har mange ressursar, meiner Warsame.

– Kva meiner du byrådet bør gjere for å samarbeide betre med innvandrarane i byen?

– Vi må bli inkludert. Det er mykje vi kan bidra med, når det gjeld kontakt og inkludering. Eg meiner dette ikkje blir prioritert, og arbeidet mot radikalisering er veldig viktig. Det er håplaust viss dei ikkje prioriterer det.

Heilt nytt

Byråd for helse og omsorg i Tromsø kommune, Kristoffer Kanestrøm, kjenner seg ikkje igjen i kritikken som kjem frå Warsame. Kanestrøm påpeiker at arbeidet mot radikalisering er heilt ny for kommunen.

Kristoffer Kanestrøm

Byråd for helse og omsorg, Kristoffer Kanestrøm, er ikkje einig i kritikken frå Ahmed Warsame.

Foto: Ulla Rafaelsen / NRK

– Arbeidet for å forhindre radikalisering er ei ny oppgåve for oss, og Tromsø kommune som organisasjon har ikkje folk med spesiell kompetanse på radikalisering, nettopp fordi det er noko ein ikkje har jobba med tidlegare, seier Kanestrøm.

Byråden er ueinig i at innvandrarmiljøa ikkje har blitt høyrt, og viser til at det mellom anna har blitt arrangert opne dialogmøte.

– Eg er ueinig i at nokon har blitt utestengd frå desse prosessane. No skal vi jobbe med dette framover, og da er det naturleg at dei som har noko å seie, som til dømes innvandrarar, får si stemme høyrt, seier Kanestrøm.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark