Jostein Dale Nevestveit
Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– «Alle» pendlar her oppe

Industrieventyret som tok til på 50-talet er ein stor del av grunnen til at kommunane i Vest-Telemark stadig har lågast arbeidsløyse i Telemark.

– Å bu i byen er heilt uaktuelt i alle fall. Eg må kanskje pendle dit, men der skal eg ikkje bli gamal. Det er ikkje noko for meg. Rushtrafikken må vera maks fem bilar, seier Jostein Dale Nevestveit. Han sit i sofaen heime i Åmot, med vinterkleda på. Han skal snart på fjellet. Der han likar seg best.

Denne oppfatninga deler møttingen med store delar av sambygdingane sine. Å kunne bu heime i Vinje og samstundes ha ein godt betala jobb ein annan stad, er for mange den ultimate arbeidssituasjonen. I januar kom det fram at Vinje har den lågaste arbeidsløysa i fylket, med 1,6 prosent. Der budde det 657 pendlarar per 2014.

– For meg er offshore draumejobben. Det er supert å kunne vere på arbeid hundre prosent når du er der, og når du er heime så er du heime, seier Nevestveit.

Jostein Dale Nevestveit

PÅ JOBB: Her er Jostein på arbeid utanfor kysten til Namibia.

Foto: Privat

I tillegg til å vere ein god jobb å ha, er det for dei fleste det einaste alternativet etter enda utdanning.

Les også: Nordmenn mer villig til å pendle

Vidare til ny pendlarjobb

– Det er ikkje flust av arbeidsmoglegheiter for ein industrimekanikar her oppe. Då er pendling ein naturleg veg å gå. Omtrent alle i kameratgjengen min gjekk TIP på vidaregåande på Dalen, og no arbeider me på sjøen eller på verkstadar utanfor Vest-Telemark. Dei fleste av kameratane mine pendlar, seier Nevestveit.

Han bur no i eit byggefelt i Vinjes kommunesentrum saman med kjærasten Camilla og dachshunden Ronja. Der kjøpte han seg hus då han fekk fast jobb i 2011.

Etter nokon år var nedgangstida eit faktum. Etter oljesmellen fjor har mange av oljearbeidarane mist jobbane sine på plattformer rundt i verda. Nokon har blitt permitterte. Jostein er ein av dei.

– Eg har fått nokon turar av og til, men det er veldig usikkert og vanskeleg no. Difor har eg sett meg om etter ein annan jobb.

Det var det ikkje så vanskeleg å få. Og det blei ein ny pendlarjobb.

– No har eg fått meg jobb i anleggsbransjen nede i Grenland. Eg startar som grunnarbeidar, men håpar å bli maskinførar etter kvart.

Les også: Oljeanalytiker: – Nå er nesten ingenting på norsk sokkel lønnsomt

Oljearbeidarane har brei kompetanse

– Vinje har alltid ligge veldig lågt, så slik sett ligg me høgt no. I fjor låg me nemleg på 0,9. Så sjølv om talet framleis er veldig lågt, har det stige sidan førråret, seier Gerd Kari Skaalen, leiar for NAV i Vinje og Tokke.

Der kjem det stadig innom folk som har mist offshorejobbane sine.

– Dei er litt fortvila no, men dei fleste av oljearbeidarane har kompetanse som gjer at dei er velkomne i anleggsbransjen, der det er bruk for mykje folk om dagen, seier Skaalen.

Ho meiner likevel ikkje at situasjonen i oljebransjen skal hysjast ned, då den er fullt levande også i Vest-Telemark.

– Mange har eit laust forhold til arbeidsplassen sin om dagen. Slik sett har me same utfordringar her som elles i landet.

Les også: Statkraft i Sauda og på Dalen slås sammen

Gerd Kari Skaalen

POSITIVE TAL: Den låge arbeidsløysa i Vinje gler NAV-leiar Gerd Kari Skaalen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Folk i Vest-Telemark er mobile

Men, trass i vanskelege tider, stemmer det at det er sjeldan vesttelane blir gåande utan arbeid lenge.

– Det har alltid vore slik at folk i Vest-Telemark er mobile, og flyt på seg dit det er bruk for dei. Men så er det jo slik at mange vil gjerne bu her oppe, og vel å pendle sidan jobbane er andre stadar, seier Skaalen.

Heilt sidan midten av førre hundreår har pendling vore ein integrert del av arbeidskvardagen til vesttelane.

– Det er ein del av å vera Vest-Telemarking, det. Ein må pendle for å få dei beste jobbane i industribransjane, seier Skaalen.

Ho lener seg tilbake i kontorstolen sin og signaliserer ein tenkepause.

– Pendlarlivsstilen trur eg skriv seg tilbake til anleggstida i Tokke på 50-talet.

Og det har ho heilt rett i.

Les også: Kraftfullt 50-årsjubileum

Vest-Telemark Museum

TIDSLINJA: På Vest-Telemark Museum har dei heile historia til Tokkeanlegget på veggen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Tokkeanlegget snudde opp ned på kvardagen

I 1961 trykte dåverande statsminister Einar Gerhardsen på den fyrste turbinknappen i Tokke, og sette med det i gong eit enormt vasskraftverk. Eit vasskraftverk verdsbanken hadde gått inn og støtta med ein milliard kroner. Eit vasskraftverk som var det største verda hadde sett.

Det førte til ein raskt veksande industri, der arbeidarar frå nær og fjern strøymde til.

– Det blei mykje tilflytting, men òg veldig mange lokale som begynte på anlegget. Mange hadde faktisk sin fyrste jobb utanom garden der, seier Dag Rorgemoen, direktør på Vest-Telemark Museum. I lokala på Eidsborg har dei samla heile industrihistoria i eitt rom.

Gjennom alt frå filmsnuttar til ei detaljert tidsline med bilete viser han fram kva som hende på 50- og 60-talet.

– Tokkeanlegget er den største og mest gjennomgripande samfunnsendringa som har funne stad her nokon gong. Før det kom var det gardane som styrte livet til folk. Generasjonane arbeidde saman, og heile året var styrt av kva som måtte gjerast på garden, seier Rorgemoen.

Dag Rorgemoen

MUSEUMSDIREKTØR: Dag Rorgemoen driv Vest-Telemark Museum. Her er han framfor visingssenteret for Statkraft inne på museet.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Då den store kraftverksutbygginga i Tokke og Vinje starta, skulle den redde kraftforsyninga på Austlandet. Samstundes fekk vesttelane opp augo for å tene gode pengar på industriarbeid.

Vidare har dette blitt imprenta i generasjon etter generasjon i Vest-Telemark, og det er mykje av grunnen til at pendling no er blitt normalen.

Les også: Kraftfullt 50-årsjubileum

Produserer gode anleggsfolk

– Det kasta om på kvardagane. Plutseleg var det mor som styrte huset heime. Far var borte heile veka, og kom heim med lønningsposen på laurdagen. Pengehushaldet kom inn, og produksjonen på garden blei mindre viktig rett og slett, held Rorgemoen fram.

I tillegg til at det forandra på familiestrukturen, hadde det også mykje å seie for infrastrukturen i utkanten av fylket.

– Altså, me klagar på dårlege vegar i Vest-Telemark i dag, men før Tokkeanlegget, var det dårlege vegar då. Og etter kvart kom det offentleg velstand. Anlegget betydde inntekter for kommunane her, og det har framleis mykje å seie i dag.

Samfunnet var på full fart opp og fram.

– Tokkeanlegget greip inn på alle tenkelege område. Og det lærte Vest-Telemarkingane bygg og anlegg.

Og talet på industriarbeidarar har heldt fram med å vekse.

– Gode anleggsfolk heve Vest-Telemark produsert mange av etter kvart, og no kan du seie at det er andre og tredje generasjon etter Tokkeanlegget som er ute. Dei har følgd industrijobbane ut av heimkommunane sine, seier Rorgemoen.

Knappen som starta Tokkeanlegget

TURBINKNAPPEN: Denne trykte Einar Gerhardsen på i 1961, og skaut startskotet for industrieventyret.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK