Hopp til innhold

Så stor forskjell er det mellom mann og kvinne

Dei har dårlegare lønn, lågare pensjon og dei mister huset ved samlivsbrot. Framleis er kvardagen slik for det store fleirtalet av kvinner i Norge.

Biler

Lønnsforskjellane er som køyreopplevinga i ein ny Ferrari og ein gamal Mazda.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Likestillinga har kome langt i Noreg, men ikkje så langt at uforklarlege lønnsforskjellar er viska bort. Dette skjer trass i at utdanningsnivået hjå kvinner er høgare enn hjå menn.

Wenche Jansen Tveitan

LO-leiaren i Grenland seier at kampen for rettferdig pensjon blir ei kampsak i lønnsoppgjeret.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Tener 160 000 mindre

Kvinner er Svarte-Per og lønnstaparar.

– Det ser me på statistikken, og me ser det ved samlivsbrot. Det er mennene som har råd til å ta over huset, mange kvinner har vanskar med å stå økonomisk på eigne bein, seier banksjef i DNB i Porsgrunn, Per Johannessen.

– I eit pensjonsperspektiv ser me at mange kvinner ikkje har råd til å slutte å arbeide når dei eigentleg ynskjer det for dei har for dårleg opptening. Mange får skuffande låg pensjon når dei blir pensjonistar, seier Johannessen, og viser til lønnsstatistikk som DNB har utarbeida der det går fram at kvinner svært ofte er dei økonomiske taparane.

Må slå i bordet

– Kvinner er ikkje flinke til å forhandle lønn. Dei må tore å slå i bordet. Ikkje vente til at "det ordnar seg". Det gjer det nemleg ikkje, seier Kjersti Berg.

Ho er utdanna landskapsarkitekt. Det er også eit kvinnedominert yrke.

Ho fortel at ho og mannen valde å vente med å få barn til dei båe hadde fast jobb, og trygg økonomi.

Barnefaren skal ta ut maks omsorgspermisjon, og det meiner Berg er viktig.

– På den måten ser arbeidsgjevarar at også menn er omsorgspersonar, meiner ho.

Ho er skuffa over at fedrekvoten er redusert.

(Artikkelen fortset under videoen)

Uforstålege lønnsforskjellar

Betre utdanna, dårlegare lønna

Leiar i Landsorganisasjonen i Grenland, Wenche Jansen Tveitan, seier at LO heile tida jobbar med å jamne ut lønnsforskjellane, men det går for seint. Framleis er det slik at kvinner er høgt utdanna, og går rett inn i låglønnsyrke.

I tillegg er det også slik at kvinnene tek ut det meste av omsorgspermisjonen, og ofte går glipp av lønnsauke på arbeidsplassen i permisjonstida.

– Paradokset er at kvinner i stor grad er betre utdanna enn menn, men dei har valt utdanning med hjarte, ikkje så mykje med hovudet, seier Johannessen i DNB.

Slik hamnar kvinner ofte opp i dårlegare betalte omsorgsyrke som til dømes helsearbeidarar eller lærarar. Det syner statistikken.

Banksjefen har desse råda til kvinner:

  • Tenk ikkje at mannen skal forsørgje deg resten av livet
  • Spar til pensjon viss du er i låglønnsyrke

Og til slutt har Jan Johannessen ei utfordring til politikarane:

– Ville det vera mogleg at eit ektepar som har budd saman kunne dele dei felles pensjonspoenga som dei har tent opp?

Sjølv tenkjer Johannessen at det hadde vore rimeleg om han hadde delt sine pensjonspoeng med kona som har tatt den største delen av omsorgstida heime og dermed har dårlegare pensjonspoeng.

– Ein spennande tanke, seier LO-leiaren i Grenland.

Ho legg til at likestilt pensjon kjem til å vera ei hovudsak i lønnsoppgjeret til våren.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark