Hopp til innhold

Jarand Felland ny ordførar i Tokke

Senterpartiet gjer eit brakval i Tokke og får reint fleirtal i kommunestyret i neste periode. Jarand Felland blir ny ordførar i kraftkommunen.

Jarand Felland, Tokke senterparti

Jarand Felland blir ny ordførar i Tokke, etter at Senterpartiet fekk reint fleirtal i kommunestyret.

Foto: Senterpartiet

Vallogo

– Det var hyggeleg og ganske overraskande at Senterpartiet skulle gjere eit så godt val i Tokke, seier Felland.

Han fortel at partiet har gått fram med nesten tjue prosent i dette kommunevalet.

– Så vi har gjort eit veldig godt val.

Har vore tydelege i valkampen

Felland trur mykje av årsaka er at Senterpartiet har vore tydelege i valkampen på at partiet ønskjer å satse på næringsutvikling.

– Vi ønskjer at skulen i Tokke skal vere den beste både når det gjeld miljø og fagkunnskap i Telemark. og så ønskjer vi at Tokke skal vere ein positiv og veldriven kommune, seier Felland.

Vil samarbeide med Krf

Han meiner det er mykje sannsynleg at Senterpartiet får den neste ordføraren i Tokke om valresultatet blir stadfesta.

– Senterpartiet vil gjerne ha eit samarbeid med Krf, uansett om Senterpartiet om partiet får reint fleirtal eller ikkje. Og sjølvsagt vil Arbeidarpartiet få dei posisjonane dei har krav på etter stemmetalet, seier Felland.

Gler seg til å bli ordførar

Han trur ikkje debatt om kommunesamanslåing har fått utslag i valkampen, fordi alle parti har vore samstemte i at ein Vest-Telemark kommune blir for stor.

– Og så får vi ta samtalene med Fyresdal og Vinje, og sjå kva som kjem ut av det.

Fellande gler seg til å ta til som ordførar i Tokke.

– Eg gler meg til å møte alle dei flinke folka som jobbar i kommunen, og vere med på å utvikle Tokke til å bli ein enno betre kommune å bu og jobbe i, seier Felland.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark