Hopp til innhold

Fekk den tunge beskjeden i dag: – Kari er identifisert

I ettermiddag fekk Karl Rikard Johansen telefon frå politiet. Den stadfesta at det var sambuaren Kari Grønnestad som blei tatt opp av Skienselva for to dagar sidan.

Karl Rikard Johansen, samboer til Kari Grønnestad

Karl Rikard Johansen har mange bilete av sambuaren i albumet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

NRK er til stades når telefonen frå politiet kjem. Johansen svarer med einstavelsesord, det han eigentleg rekna med er eit faktum.

Kjærasten og sambuaren gjennom 30 år er borte for alltid, og mykje tyder på at det er deires felles dotter som kan vera skuld i det.

– Eg kan ikkje skjønne det, seier Johansen. Dotter mi og sambuaren, min såkalla svigerson, var oppe hjå meg i påska på besøk. Dei ville låne litt pengar, men alt var som før.

Johansen meiner forholdet mellom mor og dotter var greitt. Han tek opp att at det er uforståeleg.

Har hatt sine problem å stri med

Sambuaren Kari var stadig ned til byen og besøkte dottera og sambuaren og etter kvart det vesle barnebarnet.

På den tida var Karl Rikard i jobb så det var ikkje så ofte han var med på besøk. Men at det skulle vera store problem mellom mor og dotter, er ukjent for han. Både han sjølv og sambuaren har ei fortid med rus, men han har fått Subuteks-behandling.

– Det er ein familie som har hatt og har sine problem å stri med, men dette fullstendig ubegripeleg, sukkar Johansen.

Vil spørje om kva som har skjedd

– Kan det ha skjedd i rusa tilstand slik at ein situasjon kom ut av kontroll?

– Ja, det må vel ha vore slik kanskje, men eg må snakke med dotter mi og høyre kva ho seier.

Politiet oppsøkte Johansen då dottera på 31 år var arrestert. Han skjønna alvoret, og at politiet var rimeleg sikre i si sak. Slik sett var han budd på beskjeden som kom i dag.

– Er det trass alt betre å få vite kva som har skjedd?

– Det kan ein kanskje på eit vis sei, men på same tid er det så forferdeleg viss det er rett at dotter vår har gjort noko så fælt.

Johansen hentar albumet der det nyforelska paret er, Kari og han sjølv.

Han blar vidare i albumet og viser sambuaren med stor mage, og fleire bilete med ein nydeleg liten baby som blei fødd for 31 år sidan.

Tårene står i augo, han klarer ikkje å snakka. Berre rister på hovudet.

Det er ei familietragedie med mange offer.

Han gruar seg for det som skal koma, og for møte med dottera.

Kari Grønnestad

Eit godt minne frå albumet: Kari Grønnestad og barnebarnet.

Foto: Privat

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark