Hopp til innhold

Her lever kvinnene lenge

God og sunn mat, fysisk aktivitet og frisk luft. Det er oppskrifta på eit langt liv for kvinnene i Hjartdal.

Sven Tore Løkslid og Helga Tho

Ordførar Sven Tore Løkslid og Aslaug Lappebakke på Hjartdal sjukeheim. Godt humør er viktig for å få eit langt liv, meiner ordføraren.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Hjartdal kommune er ein av kommunane der kvinner lever lenger enn landsgjennomsnittet. Det viser ferske tall frå Folkehelseinstituttet.

Bergit Våle, Hjartdal

Bergit Våle er den eldste på sjukeheimen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bergit Våle er født i 1912 og er den eldste kvinna på Hjartdal sjukeheim.

– Eg har ikkje noko oppskrift på det å bli så gamal, men det har vore bra å bu i Hjartdal, seier Våle.

Ho har vakse opp på gard og drive med kyr og geiter i sitt yrkesaktive liv.

– Det var godt arbeid. Men det var strevsamt, og det blei mange tunge tak, seier Våle.

Ragnhild Funner, Hjartdal

Ragnhild Funner er født i 1915.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Ragnhild Funner meiner kvinnene i Hjartdal er blitt sterke av god mat med mykje næring. Ho er født i 1915 og har vore bondekjerring med kyr og geiter.

Det er roleg og godt å bu i Hjartdal, seier Funner.

Folkehelseinstituttet har publisert folkehelseprofilar 2014 for kommunane. Det betyr at det er produsert ein folkehelseprofil for kvar av dei 428 kommunane i Norge.

Lever lengst på Vestlandet

Det er på Vestlandet i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland at kvinner lever lengst her i landet.

På Austlandet er det Akershus som skil seg ut som eit fylke der kvinner lever lenger enn landsgjennomsnittet.

Steinar Aase

Fylkeslege Steinar Aase legg vekt på psykiske faktorar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Levealderen stig i Noreg. I 2012 var den forventa levealderen for kvinner 83,4 år og for menn 79, 4 år.

Forventa levealder er eit godt mål på helsetilstanden i folket. I Noreg har levealderen auka med 30 år etter 1900. På slutten av 1800-talet var forventa levealder snautt 50 år.

Hjartdal best i Telemark

Og i Telemark er Hjartdal den einaste kommunen som har høgare levealder for kvinner enn landsgjennomsnittet.

For heile Telemark så er levealderen lågare enn landsgjennomsnittet. Og det er i kommunar som Skien, Bamble, Kragerø og Fyresdal levealderen er lågare enn landsgjennomsnittet.

For dei andre kommunane i Telemark ligg levealderen for kvinner på det som er landsgjennomsnittet.

Psykisk helse er viktig

Fylkeslege Steinar Aase i Telemark seier det er mange faktorar som verkar inn på levealderen.

Den psykiske helsa er viktig for kor lenge vi lever, seier Aase.

I fylke med lågare levealder enn landsgjennomsnittet er det gjerne fleire som slit med psykiske lidingar og brukar medisinar for dette.

Det er gjerne også meir hjarte- og kar sjukdomar, og tilfelle av kols, seier Aase.

Fylkeslegen meiner at også livstilfaktorar som fysisk aktivitet, røyking og fedme spelar inn på den ålmenne helsetilstanden. Det gjer også inntekt og utdanning.

God og næringsrik mat

Gro Vestmoen Bjørndalen, Hjartdal

Gro Vestmoen Bjørndalen meiner lite stress er viktig.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Oppvekst på gardsbruk med fysisk arbeid, med god og næringsrik mat blir trekt fram blant dei eldre på sjukeheimen i Hjartdal som ein viktig årsak til at levealderen for kvinner er høg i Hjartdal.

På sjukeheimen bur det i dag 28 eldre, og dei er eit godt døme på at kvinner lever lenge i kommunen. Over halvparten er over 84 år, og har levd lenger enn landsgjennomsnittet. 10 av dei er over 90 år, og ei kvinner er over 100 år.

Vi tøyser med at kvinnene lever så lenge, fordi det er så mykje oppoverbakke i Hjartdal, seier Gro Vestmoen Bjørndalen som er einingsleiar ved Hjartdal sjukeheim.

Ho meiner det litt sanning i det. For mange kvinner har brukt kroppen sidan dei var barn, og budd på gardar utan vegsamband.

Men eg har også lagt merke til at dei vaksne her på sjukeheimen heller ikkje er så veldig stressa, seier Vestmoen Bjørndalen.

(Artikkelen held fram under bilete)

Kaja Marie Kleppe, Hjartdal

Kaja Marie Kleppe jobbar i kassa i matbutikken på Saulandstunet og ser fram til å kunne få leve lenge.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Håpar på eit langt liv

Eit rikt organisasjonsliv med over femti organisasjonar der dei fleste i kommunen engasjerer seg. Godt tenestetilbod og sterke sosiale nettverk blir trekt fram som positive faktorar i Hjartdal.

I matbutikken på Saulandtunet er 21 år gamle Kaja Marie Kleppe glad for utsiktene til å leve lenge i Hjartdal. Ho har nyleg kjøpt seg husvære, og trur ho kjem til å bli verande ein stund.

Det er mange fine miljø og mange koselege folk her. Eg har jo håp om eit langt liv, og her i Hjartdal ser det ut til å gå i orden, seier Kleppe.

Bryr seg om kvarandre

Margit Karlsen-Rinde, Hjartdal

Margit Karlsen-Rinde framhevar det sosiale nettverket.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det er mange eldre i Hjartdal, fleire enn landsgjennomsnittet er over 80 år. Difor vil Hjartdal gjerne ha fleire unge til å slå seg ned i kommunen.

Assisterande rådmann, Margit Karlsen-Rinde seier det er sterke sosiale band, og mykje å engasjere seg i for småbarnsforeldre i kommunen.

Vi har tette band mellom folk i Hjartdal. Folk bryr seg om kvarandre og hjelper kvarandre, seier Karlsen-Rinde.

Ordførar Sven Tore Løkslid seier at kommunen har som mål at det skal vere godt å vekse opp, og godt å bli gamal i Hjartdal. Han synest det er triveleg å besøke dei eldre på sjukeheimen. Og han håpar statistikken er med på å trekkje fleire unge familiar til kommunen.

Det må jo vere eit teikn på at folk har det bra i kommunen. Godt livsmot og mykje godt humør er viktig, og det er det mykje av her, seier Løkslid.