Hopp til innhold

Bokdebuterer på 100-årsdagen

Olav Ettestad i Drangedal skriv på si fyrste bok. Planen er at den skal gjevast ut på hundreårsdagen, og det er ikkje lenge til.

Olav Ettestad vil bli forfattar

Olav Ettestad vil bli forfattar, og det er ikkje mangel på tema å skrive om.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han har lenge tenkt å skrive om livet sitt, men fyrst no har det blive tid og høve til det.

Gjennom pensjonistlaget har han fått kurs. Det største problemet er å skrive på pc-en. Tastaturet er ikkje laga for grove arbeidsnevar.

Heldt på å struke med

Han er nok den sprekaste 98-åringen journalisten har møtt. I august bli han 99 år. Men i yngre dagar var han storrøykar, og det heldt på å drepa han.

– Eg fekk slike røykebein veit du. Og så skulle dei berre fikse på ei åre i leggen. Du er ute att, og i skogen om åtte dagar, sa overlegen til meg. Men slik gjekk det ikkje, fortel han.

– Eg blei liggjande i 1,5 år på sjukehuset. Foten blei svart som ein sko, og dei ville amputere ved hofta. Men eg masserte beinet mitt heile tida eg var vaken, og slapp å miste det.

Og beina har han hatt god nytte av.

Invalidepensjon

– Då eg kom ut att av sjukehuset kunne eg så vidt gå 10–15 meter med krykker, og fekk invalidepensjon. Men det ville eg ikkje, eg ville arbeide, ikkje bli sitjande, seier han.

Ettestad fekk arbeid på eit rekneskapskontor i Bø. Der jobba han i 15–16 år.

– Etter 10 år kunne eg kaste krykkene, og etter 15 kunne eg danse att, seier han.

Dansen og musikken har fylgt han heile livet. Framleis er han med i toradargruppa i Drangedal.

Olav Ettestad

Han spelar med toradargruppa i Drangedal ein gong i veka, og når han ikkje spelar for andre, dansar han sjølv.

– Den heiter "Sokkelesten". Me øver kvar tysdag. Me har vore i Minot i USA og spela, og der blei me veldig populære, fortel han.

Han køyrer bil framleis.

–Å ja, eg køyrer 20 000 kilometer i året. I august må eg fornye sertifikatet att. Men det trur eg går bra. Eg er betre no enn då eg fekk fornya seinast. Eg ser som ei ørn. Rett nok høyrer eg litt dårleg, men eg har høyreapparat så det går bra, seier han med ein latter.

Ny kjærast

– Eg har vore heldig i livet. Eg hadde gode evner, og ein vilje av stål. Heilt frå eg var liten var eg ein energibunt. Så fekk eg den jenta eg ville ha, og tre flotte ungar. Me har hatt eit godt liv her på garden. Eg hadde sjølv ein trygg og god barndom med fantastiske foreldre. I tillegg fekk eg befalsutdanning i forsvaret i fire år. Mens andre hadde dårleg både med mat og klede, hadde me alt me trong. Dette har forma meg, gjort meg sterk til å tola alt. Redda livet mitt vil eg sei, seier han.

Garden til Olav Ettestad
Foto: Anne Lognvik / NRK

Ettestad er ikkje ein mann som set sitt ljos under ei skjeppe, men han meiner at også som pensjonist har han det betre enn pensjonistar i andre stader av verda.

I 2001 miste han kjerringa i kreftsjukdom, og det var tungt.

– Me var liksom saman om alt her på garden. Det blei tomt etter henne, seier han.

Men etter nokre år fann han ei ny veninne som akkurat som kona var god til å danse.

– Me er på dans ein og to gonger i veka, og så dreg me på bilturar i hop. Men me bur kvar for oss.

Trur på huldra

På veggen i stoga heng det eit rosemåla vers om eventyret og bygda.

Vers om eventyret og bygda

Vers om eventyret og bygda.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Han hadde nok tenkt seg å satse på å bli i forsvaret, men ein episode under krigen sette slik støkk i han at han fekk tvil. Han var på hemmeleg oppdrag i Alta, og heldt på å bli skoten av ein tysk løytnant som oppdaga dei to nordmennene på oppdrag. Korleis han kom seg ut av situasjonen, vil han ikkje røpe.

– Det må vera noko att til boka også, seier han med ein latter.

Han påstår at det berre er to att i Drangedal som trur på huldra, og Ettestad er den eine. Han har sjølv møtt henne. Det skal også lesarane få vite meir om når boka kjem på hundreårsdagen i august neste år.

– Det er såpass travelt at eg får ikkje skrive kvar dag. I dag for eksempel kom du, og når du har gått skal eg ut og skifte til sommardekk på bilen, seier han.

Livsfilosofien til Olav Ettestad er at viss du er hard med kroppen din når du er ung, så er kroppen snill med deg når du blir gammal. Det er han sjølv eit levande eksempel på.

I tillegg meiner han at oppskrifta for det gode liv er at ein aldri må setje seg ned, ein må ha god luft, reint vatn og god svevn.

– Og så sa far min at ein kan ikkje få eit godt liv viss ein ikkje har eit godt forhold til sine næraste. Det trur eg også på, seier Ettestad.

Så gjer han seg klar til å gå ut i tunet og skifte dekk på bilen.

Olav Ettestad

Olav Ettestad (98) køyrer 20 000 kilometer i året, og skifter sjølv dekk på bilen.

Foto: Anne Lognvik / NRK