Hopp til innhold

Brenner i hus i Skien

Brannvesenet i Skien og Porsgrunn har rykka ut til ein husbrann i Rabbenveien i Skien.

Et hus brant i Rabbenveien i Skien

Det brenner i eit hus i Rabbenveien i Skien. Foto: Theo Aasland Valen. Video: Per Simmerlund

Laster Twitter-innhold

Politiet melder at naudetatane er på veg til huset som brenn i Rabbenveien i Skien på grensa til Porsgrunn ved Tollnes. Det er ein einebustad som brenn.

Politiet melder at det er full fyr i 2. etasje i bygningen. Huseigaren er kontakta av politiet som opplyser at det ikkje skal bu folk i huset.

Laster Twitter-innhold

Har kontroll på brannen

Politiet melder at brannvesenet fekk kontroll på brannen klokka 19.55 fredag kveld.

– Brannvesenet har nå kontroll og driv med ettersløkking, seier innsatsleiar i politiet, Bjørn Olav Eilefstjønn.

Han fortel at huset var under oppussing, og at brannteknikarar frå politiet vil undersøke staden med tanke på å finne brannårsaka.

Røde Kors er også på staden for å hjelpe til.

Brann i Rabbenveien

Brannen har starta i andre etasje i huset.

Foto: Theo Aasland Valen