Hopp til innhold

Har dette skjedd deg også?

Her kan du lese råda dersom uhellet er ute.

Mobil i vaskemaskin

Det er ikkje moro å oppdage at mobiltelefonen din har hamna i vaskemaskinen.

Foto: Privat / Foto

Har du nokon gong vore uoppmerksam og mista mobilen i toalettet, i sjøen, rett på flisene på badet eller lagt den i vaskemaskinen. I så fall er du ikkje åleine.

– Det er mange som ringer hit på måndag etter å ha vore på fest i helga, seier Alexander Winther Hogstad i Applespesialisten. Dei kan ha mista mobiltelefonen på bakken eller på flisene i badet.

Her er noen råd for å berge mobiltelefonen din:

Her er Applespesialisten si topp 3 liste for skader på mobilar:

1. Reparasjon av knust glas eller bakdeksel: 2843

2. Reparasjon av fuktskadar: 956

3. Reparasjon av produktfeil eller brukarfeil: 315

Applespesialisten reparerer iPhone og Samsung mobiltelefonar, ifølgje nettsidene sine. Dei har tre gonger fleire knuseskader enn fuktskadar.

– Men det er også dei som har fått mobilen klemt i bildøra, og då kan den sjå ut som ein banan, seier Winther Hogstad.

Alexander Winther Hogstad

Alexander Winther Hogstad reparerer iPhone og Samsung mobiltelefonar for Applespesialisten.

Foto: Applespesialisten / Foto

Må tørke mobilen

På iPhone er det veldig mange fuktindikatorar plassert rundt om telefonen, og slår ein av dei ut så ryk garantien. Det kan til og med skje om du er ute og joggar i regnvær med mobilen i lomma.

Applespesialisten får også inn mange mobiltelefonar som er mista i do eller som har hamna i vaskemaskina.

– Skal iPhone mobilen bli redda er det viktig å kome hit med ein gong. Har mobilen hamna i vaskemaskinen er det viktig å få skylje vekk såpa godt med reint vatn, fordi såpe fører til korrosjon. Så må vi opne telefonen og la den tørke over natta, seier Winther Hogstad.

Du kan skylje iPhonen

Hamnar mobilen i sjøvatn er det ein liten sjanse for å redde mobiltelefonen om du er rask til å redde den og skyl den godt i ferskvatn.

– Reint vatn skal i prinsippet ikkje skade ein heilt ny iPhone, for reint vatn leier ikkje straum. Difor kan du trygt skylje ein iPhone i vatn, seier Winther Hogstad.

Men han tilrår ikkje å tørke ein iPhone i steikeomnen på svak varme over natta.

– Det er ikkje bra å gjere for batteriet. Og det er heller ikkje enkelt å ta ut batteriet i ein iPhone utan å skade det, seier Winther Hogstad.

Skader kan dukke opp

Netcoms kommunikasjonssjef Øyvind Vederhus

Netcoms kommunikasjonssjef Øyvind Vederhus

Foto: Pressefoto

Deltaservice sine nettsider kan vi lese at dei reparerer Nokia, Sony Ericsson, LG, HTC og Samsung mobiltelefonar og har fleire kjedebutikkar på kundelista. Dei har ikkje nokon statistikk, men merkar at det kjem inn fleire vatnskader på mobiltelefonar i badesesongen.

– Vatn er den verste fienden for ein mobiltelefon, meiner Jan Otto Winnæs i Deltaservice.

Han seier det er veldig sjeldan det lar seg gjere å reparere ein mobiltelefon som har hamna i do eller i vaskemaskinen.

– Du har ingen garanti for at det kan dukke opp skader seinare, seier Winnæs.

Men det viktigaste du må gjere er å vere rask til å ta ut batteriet for å unngå kortslutning og skade elektronikken. Tørk mobilen med varme, men for all del ikkje bruk mikrobølgjeomnen.

– Knuseskader er som regel greitt å reparere. Og alle skader som blir dekka av garantien, seier Winnæs.

– Er ingen mangel

Martin Skaug Halsos

Kommunikasjonsrådgivar Martin Skaug Halsnos i Forbrukarrådet.

Foto: CF Wesenberg Kolonihaven

Forbrukarrådet opplyser at det å miste mobiltelefonen i do eller gløyme den i klede som hamnar i vaskemaskina er ingen mangel, og då har du ingen forbrukarrettar. Det er det heller ikkje om du mistar mobiltelefonen i golvet og knuser glaset.

– Det er ingen mangel og då må du ha ei ulykkesforsikring som dekker dette. Det kan du sjekke med forsikringsselskapet ditt. Og då må du gjerne betale ein eigendel, seier Martin Skaug Halsos i Forbrukarrådet.

Nettoperatørar som Netcom og Telenor tilbyr forsikring av mobiltelefonen din gjennom sine samarbeidspartnarar. Men fører ingen statistikk over skader.

– Du kan forsikre deg mot det aller meste som skjer med mobilen din, seier Øyvind Vederhus i Netcom.

«Idiotforsikring»

Forsikringsselskapet If er eit av forsikringsselskapa som tilbyr forsikring av mobiltelefonen som ein del av innbuforsikringa.

Informasjonssjef Jon Berge i If forsikring seier at forsikringsselskapa heller ikkje fører statistikk over skader på mobiltelefonar.

– Men den beste innbuforsikringa vår dekker skader på mobiltelefonar, den såkalla idiotforsikringa, seier Berge.

Desse utbetalingane over innbuforsikringa blir ført over ein samlepost i forsikringsselskapet og kjem ikkje fram i eksakte tal.

– Men vi merkar at det blir stadig fleire uhell med den type varer, og majoriteten av uhella gjeld nok smarttelefonar, seier Berge.