Hopp til innhold

Fylkesordførarkandidat for Ap

Telemark Arbeidarparti har nominert Hjartdalordførar Sven Tore Løkslid som sin fylkesordførarkandidat.

Sven Tore Løkslid
Foto: Børre Karterudseter / NRK

Det er klart etter nominasjonsmøtet i Telemark Ap laurdag ettermiddag.

Ordførar i Hjartdal, Sven Tore Løkslid seier han er glad for å få vere Telemark Arbeidarparti sin fylkesordførarkandidat.

– Eg er audmjuk og stolt over å ha blitt tildelt den plassen av partiet.

Løkslid fortel at han er klar til å ta på seg oppgåve, og meiner han har med seg eit godt lag.

– Så denne oppgåva gler eg meg veldig til.

Tone Berge Hansen frå Brevik er nominert som partiets fylkesvaraordførarkandidat.