Hopp til innhold

Den mest populære skulen i landet?

Kragerøskjærgården Montessoriskole på Skåtøy er svært populær. Neste skuleår blir elevtalet tredobla.

Elvane på Kragerøskjærgårdens Montessoriskole på Skåtøy

Vi fekk det til! Stod det på plakatane, men elevane stod ikkje lenge stille på opningsdagen på Skåtøy i august i fjor. Til hausten blir dei 45 elevar, ikkje 15 som dei er dette skuleåret.

Foto: Arvid Hanssen

Heilt sidan 60-talet har skulen på Skåtøy vore nedleggingstruga, og i 2012 falt øksa over øyskulen utanfor Kragerø. Dermed starta ein hard og langvarig kamp der øyfolket mobiliserte både fastbuande, hyttefolk og venner av øya.

I fjor haust startaKragerøskjærgården Montessoriskole opp med 15 elevar i dei skulelokala til nedlagde Skåtøy skole.

Tor Dønvik og elevane heisar flagg til opninga

Tor Dønvik og elevane heisar flagg til opninga av montessoriskulen på Skåtøy i august 2013

Foto: Arvid Hanssen / NRK

Elevtalet tredobla på eit halvt år

Om montessoriskulen på Skåtøy er den mest populære i landet er vanskeleg å bevise, men me har ikkje funne tilsvarande auke i elevtal andre stader i landet.

Skulen er ein privatskule, det vil sei at dei må ta imot elevar frå heile landet om nokon ynskjer seg til øyskulen i kragerøskjergarden.

– Dette er langt over prognosane og det me hadde håpa på, seier ein av initiativtakarane Tor Dønvik.

– Ikkje berre får me elevar frå dei øyane som ligg rundt som til dømes Jomfruland, men det kjem rundt tjue elevar utover til oss frå fastlandet også.

Montessoriskular i mange fylke

Det er no 59 private grunnskular her i landet som driv etter montessoripedagogikk. Hedmark, Troms og Telemark har sju slike skular, Nordland seks, Møre- og Romsdal, Oppland og Hordaland fem kvar.

– Det som i mange kommunar starta som eit protestalternativ, har for ein del foreldre også blive eit alternativt pedagogisk val seier Dønvik.

– Eit rotterace

– Det var eit rotterace å klare å etablere ein privatskule på Skåtøy, me hadde lita tid på oss, legg han til.

– Både foreldre og ungar er godt nøgde med skulen som me no har drive eit halvt år. Han har tru på at det vesle øysamfunnet skal klare å drive skulen vidare.

Skuleelvane kjem ut til Skåtøy med ferje frå fastlandet

Skuleelvane kjem ut til Skåtøy med ferje frå fastlandet, og fleire familiar ynskjer å flyta ut til øyane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Auka tilflytting til øyane

Fleire familiar har bestemt seg for å flyta ut til øyane i kragerøskjergarden etter at det blei klart at det er eit skulealternativ der. Berre til Skåtøy er det venta tre nye barnefamiliar, og det er folk som ikkje kjem frå kommunen.

– Får me nokon som flyt hit, vil det få ein smitteeffekt, seier Dønvik. Folk som tenkjer alternativ når det gjeld jobb og livsstil, folk som ser at det kan vera fint å bu i skjergarden. Og det er det, avsluttar øyentusiasten.

Frå hausten av kjem mange elevar utover til Skåtøy med ferja i staden for at øy-ungane kjem innover, og øyfolket er stornøgde.