I sprinten i Rubinsk i Russland var alle fem som fullførte finalen, norske.
- Det er sjølvasgt ikkje noko som løparar og trenarar skal tenkje på. Dei skal levere best mogeleg resultat. Men for sporten er det uheldig, seier Bjørn.
Nettradio:
Les også:
Han meiner at at om sprinten skal halde fram med å vere populær, må løparar frå fleire land vere med i toppen.
Thomas Alsgaard, også han ekspertkommentator i NRK, trur god trening og store ressursar er årsaka.
- Det norske og svenske landslaget er i ei særstilling når det gjeld trening og ressursar. Og mi erfaring frå langrenn er at det er berre hard og rett trening som gjev resultat, seier Alsgaard.
Ingen av dei to trur at årsaka er at løparar frå andre land tar lett på løpa i vinter, fordi det ikkje er meisterskap.