Hopp til innhold

Skandale-sjåfør utestengd på livstid

Johnny Hoogerland låg blodig i grøfta etter kollisjon med fransk TV-bil. No er sjåføren utestengd på livstid.

Ulykke i Tour de France

Her smell det. Juan Antonio Flecha møtte asfalten etter å ha blitt påkøyrd av den franske TV-bilen. Hoogerland susa i piggtrågjerdet med vegen.

Hoogerland

Blodet rann frå Johnny Hoogerlands bein etter kollisjonen.

Foto: Laurent Rebours / Ap

Dagens 9. etappe i Tour de France skulle bli verre enn alle etappar så langt.

Ein massevelt gjorde det først kaotisk i feltet, og resulterte i at mellom andre Astanas samanlagtfavoritt Alexandre Vinokourov måtte bryte.

Etappen blei endå meir skandaløs då ein fransk TV-bil traff to syklistar.

Seinare på kvelden melde Tour de France-leiinga at sjåføren no er utestengd på livstid.

– Kvålsvoll: Heilt katastrofe

Med vel 35 kilometer igjen kom TV-bilen opp bak utbrytargruppa og traff både Juan Antonio Flecha (Sky) og Johnny Hoogerland (Vacansoleil).

Hoogerland enda opp i grøfta, og var blodig og oppskrapa etter møtet med eit piggtrågjerde.

Hoogerland

Hoogerland fekk hjelp ut frå piggtrågjerdet.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

– Vi såg ikkje uhellet då vi sat i en bil lenger bak i feltet, men det kjem til å bety alvorlege sanksjonar, seier Tour-direktør Jean-Francois Pesheux til dansk TV 2.

  • To køyrety involvert i ulukker så langt i touren. Korleis opplever du det som skjer? Diskutér nedst!

– Slikt skal ikkje skje. Det var ei forferdeleg ulukke, seier Hoogerlandt til TV2 etter etappen.

Thor Hushovds trenar, Atle Kvålsvoll, fekk heller ikkje med seg velten då det skjedde, men blei sjokka då han såg alt på monitor.

– Eg måtte sjå reprisen for å tru at det var sant. Kva den sjåføren haldt på med veit eg ikkje. Det var heilt katastrofe, seier Thor Hushovds trenar Atle Kvålsvoll til NRK etter uhellet.

– Det skjer så ekstremt mye. Det er mange ting som ikkje burde skje, som episoden i dag. Det er smale vegar og det må visast meir hensyn, noko bilar og motorsyklar også må akseptere meir, seier Thor Hushovd til NRK.

(artikkelen held fram under biletet.)

Hooger

Slik såg Hoogerland ut etter uhellet.

Foto: STRINGER/FRANCE / Reuters

Tårevåt Hoogerland tok klatretrøya

Utruleg nok var Flecha oppe igjen etter møtet med asfalten, men hadde store rifter i trøya.

Nederlandske Hoogerland fekk etter kvart behandling, og kom seg tilbake på sykkelen etter fleire minutt i grøfta.

Syklisten kom seg til mål, og overtok med det klatretrøya i touren. Tårene kom i frustrasjon over ulhellet då han stod på podiet.

– Arrangøren har orsaka seg. Eg skal ikkje skulde på nokon, men det var ei forferdeleg ulukke, fortel Hoogerland.

(artikkelen held fram under biletet.)

Hoogerland

Johnny Hoogerland i tårer på podiet.

Foto: PASCAL PAVANI / Afp

Kvålsvoll: – Ryttarane vil markere dette

Thor Hushovds trenar, Atle Kvålsvoll, skreiv følgande på Twitter etter den dramatiske episoden:

«Fare for at blir en del bytte av sjåfører til i morgen. Katastrofekjøring av den franske TV bilen»

ESPN-reporter Bonnie D. Ford reagerte med sjokk i kaoset:

«You have got to be kidding me.»

Dette er andre gangen i årets Tour de France at eit køyrety treff utøvarar.

I førre veke blei ein fotograf på motorsykkel kasta ut av rittet etter å kollidert med den danske Saxo Bank-ryttaren Nicki Sørensen.

– Eg trur ryttarane vil markere dette med eitt eller anna i morgon. Dette går jo på sikkerheiten til syklistane. Er det ein ting dei er opptatt av så er det dette, seier Kvålsvoll.

No trur Hushovds trenar at det blir oppvaskmøte i touren.

– Det blir eit stort internmøte med sportsdirektørane der arrangøren må forklare seg og komme fram til ei løysing på korleis ein skal forhindre fleire episodar, seier Kvålsvoll.

Thor mista trøya

Cycling Tour De France

Thor Hushovd måtte gje slepp på samanlagtleiinga.

Foto: Laurent Cipriani / Ap

Spanske Luis Leon Sanchez vann søndagens 9. etappe av Tour de France.

Franske Thomas Voeckler tok andreplassen og overtok den gule ledertrøya frå Thor Hushovd.

Sanchez spurta frå restane av et utbrudd på dei siste meterane opp til Saint-Fluor og er no også nummer to i samandraget.

– Å ha trøya så lenge har vore fantastisk. Eg har hatt den lenger enn eg trudde, seier Thor Hushovd til TV2 etter målgang.

(artikkelen held fram under biletet.)

Voeckler

Publikumsfavoritten Thomas Voeckler er ny mann i gult.

Foto: PASCAL PAVANI / Afp

Mannefall hjå storkanonene

Søndagens etappe har vore særs dramatisk. Alexandre Vinokourov og Jurgen van den Broeck, som begge var ansett som ryttarar som kunne true Alberto Contador og Andy Schleck samanlagt, har brutt i løpet av dagen.

Dei to var involvert i ein stygg velt i ei utforkøyring. Vinokourov brakk lårbeinet etter å ha susa rett inn i skogen i 70-80 kilometer i timen.

Vinokourov

Alexandre Vinokourovs siste Tour de France enda i grøfta.

Foto: STEFANO RELLANDINI / Reuters

David Zabriskie, Wout Poels, Amets Txurruka, Pavel Brutt og Frederik Willems måtte også bryte.

– Thor kunne enno hatt trøya

Hadde det ikkje vore for denne store velten, kunne Thor Hushovd overraska med å halde på trøya også etter dagens etappe, trur Kvålsvoll.

Han trur utbrytargruppa ville fått det tøft med å halde avstanden heilt til mål.

– Surt for Thor. Han ville sannsynlegvis hatt samanlagtleiinga også etter dagens etappe, seier Kvålsvoll.

Contador fekk juling

Og ikkje nok med det: Alberto Contador gjekk også i bakken. Feltet køyrde førehaldsvis roleg og rett fram, då superstjerna plutseleg blei puffa hardt i sida og stupte i asfalten.

Om det var tilsikta frå ryttaren som såg ut til å vere fra Katusja-laget, veit ein ikkje enno.

Contador landa hardt på skinka, og hadde tydeleg vondt. Han måtte få ny sykkel, men kunne fortsette etter kvart.

Følgande ryttarar har så langt brote årets sykkelritt

Etappe i parentes:

Jurgen Van de Walle, Belgia (4): hofte.

Ivan Velasco, Spania (5): kragebeinsbrot.

Janez Brajkovic, Slovenia (5): kragebeinsbrot.

Bradley Wiggins, Storbritannia (7): kragebeinsbrot.

Tom Boonen, Belgia (7): hjernerystelse.

Remi Pauriol, Frankrike (7): kragebeinsbrot.

Chris Horner, USA (7): nasebrot, hjernerystelse og leggskade.

Benat Intxausti, Spania (8): håndledd.

Jurgen Van den Broeck, Belgia (9): skulderbrot.

Alexandre Vinokourov, Kasakhstan (9): lårbeinsbrot.

David Zabriskie, USA (9): håndledd.

Amets Txurruka, Spania (9): skade ukjend.

Pavel Brutt, Russland (9): skade ukjend.

Frederik Willems, Belgia (9): kragebeinsbrot.

Sportsnyheter

Manchester United

United ydmyket og får slakt – ekspert ber forsvarsstjerne gi seg

Manchester United gikk på sitt 13. tap for sesongen mot Crystal Palace. Spesielt forsvarsvikarene og manageren får sterk kritikk etter det som blir kalt årsverste av storklubben.

Siste nytt

  • Træen måtte bryte Giro d'Italia

    Den norske sykkelproffen Torstein Træen måtte tirsdag stå av Giro d'Italia som følge av krasjen på åpningsetappen.

    Træen skadet kneet stygt og måtte sy flere sting i lørdagens velt. Likevel kom han seg til mål og fullførte også etappene søndag og mandag.

    Tirsdag startet han også den fjerde etappenfra Acqui Terme til Andora, men underveis ble det stopp. Det melder Giro d'Italia i sine kanaler.

    28-åringen byttet lag fra Uno-X til Bahrain-Victorious før årets sesong.

    Træen var én av tre norske ryttere i årets Giro-felt. De to andre er Vegard Stake Laengen (UAE) og Tobias Foss (Ineos). (NTB)

    Torstein Træen under Tour de France i 2023
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Vingegaard-milepæl etter skrekkvelten – håper på Tour-start

    Jonas Vingegaard gjennomførte tirsdag sin første sykkeltur utendørs etter den stygge velten i Baskerland rundt. Han har ikke gitt opp å vinne Tour de France tre år på rad.

    Den danske sykkelstjernen pådro seg flere ribbeinsbrudd, punktert lunge og betennelse i lungevevet etter velten i Spania tidlig i april.

    Midt i forrige måned ble 27-åringen skrevet ut fra sykehus. Der oppholdt han seg i tolv dager og ble operert i kragebeinet.

    Nå venter sykkelfansen i spenning på om Vingegaard har nok tid til rådighet til å komme i toppform tidsnok til Tour de France. Starten går i italienske Firenze 29. juni.

    – Jeg håper selvsagt å være der når starten på Tour de France går. Vi vet ikke helt hvordan formen og rehabiliteringen min utvikler seg, men jeg skal gjøre alt jeg kan for å være i toppform i Touren.

    Det sier VIngegaard i en video publisert av danskens arbeidsgiver, delvis norsksponsede Visma Lease a Bike.

    – Det er godt å endelig kunne sykle normalt igjen, og å være tilbake på veien. Jeg ser fram til de neste stegene, sier Vingegaard.

    Samtidig røper han at han fortslatt sliter med ettervirkninger etter velten, og at det fortsatt er enkelt ting han må bli frisk etter. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: PAU BARRENA / AFP
  • Stjernemålvakt har øyeproblemer – må avbryte turnering i Norge

    Den danske stjernemålvakten Niklas Landin har fått påvist blødninger på netthinnen i det ene øyet. Dermed må han droppe denne ukens trenasjonersturnering i Oslo.

    Øyeskaden oppsto da landin i søndagens seriekamp for Aalborg fikk han en ball i hodet. Øyet fortsatte å plage den danske landslagskapteinen i ettertid, og det ble undersøkt videre på sykehuset.

    Landin har fått påvist blødninger på netthinnen i det høyre øyet, og derfor tar landslagssjef Nikolaj Jacobsen ingen sjanser og sender ham hjem for å hvile.

    Det danske håndballforbundet opplyser tirsdag at Flensburg-keeper Kevin Møller har sluttet seg til landslagstroppen som erstatter for Landin. Danskene skal møte Kroatia og Norge i turneringen som spilles i Jordal Amfi.

    (NTB)

    EC men's handball: Denmark - Slovenia
    Foto: LISELOTTE SABROE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal