Det var i august det blei kjent at Alberto Contador hadde testa positivt på doping under Tour de France. Contador avviste å ha teke stoffet clenbuterol, og hevda at stoffet stamma frå biffkjøt han hadde spist.
– Eg er svært lite begeistra over den manglande haldninga som det spanske sykkelforbundet har til antidopingarbeid. Dette er ein del av spanjolane si underlege haldning til antidopingarbeidet. Eg bebreidar heile den spanske sykkelnasjonen for manglande haldningar. Dei tek ikkje tak i problema som Spania faktisk har, seier president i Norges Cykleforbund, Harald Tiedemann Hansen.
Informerte Contador i dag
Fleire spanske medier har dei siste dagane spekulert i at Contador kom til å bli frifunnen. Tysdag ettermiddag slo Contadors advokat fast at saka er over.
– Det spanske sykkelforbundet har frifunne den tredobbelte Tour de France-vinnaren Alberto Contador for å med viten og vilje ha brukt eit forbode middel, seier advokaten Andy Ramos Gil ifølge AFP.
Dermed festar det spanske forbundet lit til biff-forklaringa til si store stjerne. No kan Contador ta opp att sykkelkarriæren igjen.
– Spania har eit kjempeproblem
President i Norges Cykleforbund seier han ser eit mønster når det gjeld måten den spanske sykkelforbundet vurderer dopingsaker på.
– Dette gjeld ikkje berre denne saka. Vi såg det også under VM i fjor. Det var ikkje berre Contador. Det var 3 - 4 andre som var innblanda også. Spania har eit kjempeproblem med mykje doping. Det spanske sykkelforbundet evnar ikkje å ta avstand frå doping. Det er lite prisverdig, seier Tiedemann Hansen.
– Kan noko gjerast?
– Mange land, inkludert Italia, har teke klart avstand frå doping. Dei har synleggjort og tydeleggjort problemet. Men det spanske sykkelforbundet har teke Contador under vengjene sine, og dei har prøvd å beskytte han så godt dei kan, seier Tiedemann Hansen.
Saka kan bringast vidare
Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) og det internasjonale antidopingbyrået (WADA) har ein månad på seg på å godkjenne eller avslå vedtaket etter at det spanske sykkelforbundet har sagt sitt.
– Det internasjonale sykkelforbundet brukar ufatteleg mykje ressursar på antidopingarbeid. Det er ikkje mange internasjonale organisasjonar som gjer meir for antidopingarbeidet enn UCI. Men eg veit ikkje korleis WADA og UCI kjem til å behandle denne saka no. Men dei bør reagere dei også, seier Tiedemann Hansen.
Stoff for muskelbygging
Clenbuterol er ei forbode stoff, som blir brukt til muskelbygging. Stoffet har vore brukt under kjøtproduksjon i landbruket. EU vedtok å forby stoffet i landbruket i 1996, men det blir hevda at stoffet framleis er i bruk illegalt.