- NRK følgjer OL direkte: Slik var lagkonkurransen for menn
Sjølv bomma Jacobsen, som har bursdag, stort i sitt første hopp. Berre 119 meter blei det i den store bakken i Sotsji, noko som sende Noreg nedover på listene.
– Det er mange som gjer det bra i dag. Eg er nok svarteper, meiner ein skuffa Jacobsen.
Laghoppinga blei vunne av Tyskland med 1041,1 poeng, 2,7 poeng føre Austerrike på sølvplass. Japan tok bronsemedaljen.
Dermed blir bronsemedaljen til Anders Bardal i normalbakken ståande som einaste hoppmedalje i Sotsji-OL 2014.
Bardal med superhopp
Det opna derimot glimrande for Noreg i laghoppinga. Bardal hoppa først og slo til med 137,5 meter.
Det enda opp som det lengste hoppet i konkurransen.
Anders Fannemel følgde opp med OK 129,5 meter, før Jacobsen skuffa stort med 119 meter.
– Det er ikkje bakken som er feil, den har vore den same kvar dag. Verre er det med han som hoppar. Teknisk er det greitt, men det er ikkje nok kraft i det, seier Jacobsen til NRK.
I siste hopp landa Rune Velta på 125 meter. Det heldt til sjetteplass etter første omgang. Dermed fekk Noreg også hoppe andre omgang.
Saka held fram under bildet.
Heile tida litt bak
Både Bardal og Fannemel hoppa 133 meter i andre omgang, før Jacobsen delvis revansjerte seg med 130,5 meter.
I siste hopp enda Rune Velta ein halv meter lenger nedi bakken sett opp mot første omgang. Hoppet var på 125,5 meter.
Motstandarane var derimot konstant hakket kvassare enn nordmennene, og til slutt stod gullet mellom Tyskland og Austerrike. Severin Freund sikra gullet etter 131 meter i siste omgang.
– Måtta hoppa vårt aller beste
Anders Fannemel var ikkje 100 prosent fornøgd, men er klar på at dei faktisk var outsiderar i lagkonkurransen.
– Vi måtte hoppa vårt aller beste om vi skulle vere med i medaljekampen. Det gjorde vi vel ikkje id ag, slår Fannemel fast.
Bursdagsbarnet Jacobsen, som blei skadd førre veke, var langt nede etter sjetteplassen.
– Sjølvtilliten er ikkje der den burde vere. Framleis har eg ikkje hatt ein konkurranse der eg er topp ti. Så det er mykje å gå på, men eg må berre ta tida til hjelp.
Trass i nedturen er lagkameratane klare på at det ikkje skal deppast i kveld.
– Det er lov å vere skuffa, men vi må berre gå vidare etter dette. Vi skal nok gjere litt stas på Anders seinare i kveld, seier namnebror og lagkamerat Anders Fannemel.