– Dette er stort. Eg har spela på eit lag som har hatt eit enormt press på seg dei siste fire åra. Derfor smakte dette utruleg godt, seier Thoresen til NRK før returen heim til St. Petersburg og gullfeiring utover kvelden og natta.
Bortsett frå glippen med 1-2-tapet i den første heimekampen, har SKA St. Petersburg hatt full kontroll i finaleserien, og vann med 4-1 i sigrar.
– Det var små marginar i alle dei fire første kampane. I dag fekk vi tidleg ei leiing på mange mål. Men likevel er det ikkje avgjort, og du sit med ein nervøsitet til kampen er slutt. Det skal spelast 60 minutt, seier Thoresen.
Han kom ikkje på scoringslista i storsigeren i dag, men har scora to mål tidlegare i finaleserien.
– Stor klubb med stort press
Det er ikkje første gong Patrick Thoresen vinn pokalen i KHL-sluttspelet. I 2011 gjekk han til topps med Salavat Julaev Ufa.
– Er dette større?
– Ja, på den måten at dette er ein større klubb med større press. I Ufa hadde vi ikkje det presset på oss. Samstundes er hockeyen blitt mykje større med sosiale medier og alt det der. Alt blir haussa mykje meir opp, og SKA er kanskje Europas største hockeyklubb. Og då blir det ikkje mykje større enn å vinne med dei, seier Thoresen.
4-0 på eit kvarter
I søndagens bortekamp scora dei fire gonger i kampens første kvarter.
Jimmie Ericsson sende gjestene i leiinga etter berre 1.13 av første periode. Deretter scora i rask rekkefølgje Ilja Kovaltsjuk, Jevgenij Dadonov og Alexej Ponikarovskij.
Resten av kampen vart ein rein transportetappe fram mot cuptrofeet. AK reduserte tidleg i andre periode, men SKA brukte berre 46 sekund på å gjenopprette firemålsleiinga. Kovaltsjuk scora sitt andre i kampen.
5-1 stod seg nesten kampen ut, men Roman Cervenka la på til 6-1 i sluttminuttet.
Vodka og champagne
Deretter kunne Thoresen og lagkameratane hans sleppe jubelen laus. Og feire på russisk.
– Ja, no skal vi feire på russisk måte, det er det ingen tvil om.. Det blir nok litt vodka og champagne i kveld.
– Kva med framtida, er du ferdig i Russland?
– Det tek vi seinare, det tenkjer eg ikkje på i dag. No skal gullet feirast, alt anna er utan betydning i kveld, seier Patrick Thoresen.