- Vi lever framleis i pølse- og vaffelstadiet og heimebaka kaker. Å kome to timar før kampen for å ete kake trur eg ikkje er spesielt interessant, seier Blombäck til NRK.
Han tek opp att diskusjonen som dukkar opp frå tid til anna: Skal det vere lov å selje alkohol på idrettsarrangement i Noreg? Ja, meiner den profilerte svenske trenaren.
- Publikum treng meir enn kampar
Han viser til at klubbane har vanskar med å trekkje publikum på kampane. Publikum treng noko meir, meiner svensken.
- Det handlar ikkje om alkohol i rusande tilstand, men meir om selskapeleg tilstand. I 2012 finst dette overalt i samfunnet, og vi bør venje oss til det også i idrettshallar.
Forbundet ønskjer alkoholdebatt
Handballforbundet vil også sjå på totalproduktet, og ønskjer ein alkoholdebatt velkomen.
- Vi må ikkje vere redde for å sjå på alkohol på handballarrangement. Den diskusjonen må vi tore å ta. Eg veit ikkje kva konklusjonen vil bli, men vi må høyre på argumenta. Det kan ha noko for seg i samband med å vidareutvikle arrangementa, seier generalsekretæren i handballforbundet, Erik Langerud.
Det blir servert alkohol i losjar under fotballkamper, og internasjonal handball er det også vanleg med alkoholservering.
Meiner du det bør vere lov med alkoholservering på handballkampar og andre idrettsarrangement?
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Fyllingen skal ha oktoberfest
Nokre finn måtar å gjere dette på også i dag. Laurdag 6. oktober planlegg Fyllingen Bergen
. Då skal dei ha underholdning og mat - og alkoholsal - i eit telt like ved hallen der kampen skal spelast.- Vi har etter grundige diskusjoner kome fram til at dette er innanfor det vi kan stå for, seier dagleg leiar i Fyllingen Bergen, Ellen Nygård Nilsen, til Bergensavisen, som er budd på reaksjonar.
Men dette er sal utenfor hallen, sjølv om det er i klubbens regi og i samband med ein kamp. Dessuten krev Fyllingen førehandspåmelding til oktoberfesten. - Dermed har vi full kontroll, seier Nilsen.
- Opp til klubbane sjølve
Erik Langerud kjenner ikkje detaljane i Fyllingens arrangement.
- Men så lenge arrangementet er innanfor norsk lov, har ikkje vi noko imot det. Så lenge alkoholsalet ikkje foregår i hallen eller under kampen, er dette opp til klubbene sjølv, seier Langerud til BA.
Samtidig markerer Norges Håndballforbund sterkt aksjonen Se og bli sett. Eitt av kjernepunkta der er gode leiarar som rollemodellar, og som er heilt klare på at idrett og alkohol ikkje høyrer saman.
- Ja dette er kanskje ein raud klut, seier Blombäck til NRK.