Førre helg var sprintvidunderet Usain Bolt på plass på Manchester Uniteds heimearena, Old Trafford.
Der kasta OL-gullgrossisten glans over Premier League-møtet mellom dei raude og bortelaget Fulham.
Verdsrekordhaldaren tok seg også tid til å la seg gratulere av fotballstjernene, og ta seg ein god prat med Uniteds store boss, Alex Ferguson.
– Han sa til meg at «om du er seriøs bør du komme til oss, og bruke eit par dagar på trening med Manchester United-spelarane». Vi får sjå korleis det går, seier Bolt til NRK.
Ønska velkommen av Ferdinand
Det var under London-OL at Bolt fekk merksemd for noko anna enn medaljeøvingane han seinare skulle herje i.
– Eg vil prøvespele for Manchester United, sa jamaicanaren.
Utsagnet fekk United-kaptein Rio Ferdinand til å ta av på Twitter.
Han kom med følgjande beskjed til Bolt:
– Om du ønskjer å prøvespele for Manchester United, så kan du gje meg ein lyd. Eg skal snakke med sjefen.
Zürich neste
Torsdag stiller Bolt på startstreken under Diamond League-stemnet i Zürich.
Men straks sesongen er ferdig vil han truleg sitje på flyet til Manchester, klar for å kaste seg inn mellom Englands fotballgigantar på Fergusons treningsfelt.
- Sjå Diamond League med Usain Bolt direkte på NRK2 og i nett-tv torsdag frå kl. 20.00