– Eg er godt nøgd. Det er første gongen eg vinn her, sa Fourcade til NRK etter løpet.
På oppløpet prøvde han å ta med seg eit norsk flagg frå publikum. Men det gjkek ikkje.
– Dei ville ikkje gi meg flagget. Eg hadde lyst å passere mållinja med eit norsk flagg i handa, seier Fourcade som har budd her i landet i to månader.
Fourcade opna med tre feilfrie seriar, før han bomma med første skotet på siste serien.
Mange norske bom
Derfor vann han. Men berre 1,8 sekund framfor Tarjei Bø – som ikkje hadde mindre enn fem bom. To av dei kom på siste serien.
Lars Helge Birkeland vart nummer tre. Også han bomma fem gonger, likevel var han berre tre sekund bak vinnaren.
Johannes Thingnes Bø vart nummer seks og Henrik L'Abée-Lund åtte. Sistnemnde hadde heile ni bom på sine 20 skot.
Emil Hegle Svendsen vart sist i det 12 mann sterke feltet. Med åtte bom var han 1.45 bak Fourcade.
«Amazing» fransk kvinnesiger
I kvinneklassen vart det ein overraskande siger for franske Justine Braisaz. Med berre ein bom, på tredje skyting, var ho 5,4 sekund føre Fanny Welle-Strand Horn.
Horn leia til siste skyting, men der fekk ho ein bom og mista teten.
– Den som er mest overraska, er eg, sa Braisaz. – Det var «amazing».
Russiske Jekaterina Jurlova tok tredjeplassen. Med to bom var ho 3,1 bak Horn i mål. Synnøve Solemdal og Marte Olsbu vart nummer 9 og 10 med sju og seks strafferundar.