Sjå kampreferat nedst i saka.
Målet kom etter 24 minutt, då det vart dømt straffe mot Sogndal og Bjørn-Inge Utvik for ei takling av Rosenborg sin Mike Jensen inne i feltet.
– Det kan berre tolkast på ein måte, og det er han søkjer ei straffe og klarar å lure dommaren, så det er berre å gratulere, seier Jonas Olsson etter kampen.
- LES OGSÅ:
– Han søkjer beinet
Han fortel at han er svært skuffa over dømminga til Svein Erik Edvartsen. Jensen på si side meiner det ikkje var tvil om at det var kontakt.
– Han søkjer jo beinet, så det er klart at det blir slik, svarar Olsson på det.
Også C More-ekspert Steffen Iversen, meiner det ikkje burde ha vore straffe til Rosenborg.
– Det kan vere det er kontakt der, men han får ballen for langt framfor seg og søkjer kontakt for å få straffe, det er ikkje straffe, sa Iversen i pausen.
Rosenborg-trenar Per Joar Hansen vil ikkje seie kva han tenkjer om straffesparket.
– Eg har sett situasjonen og synest det er vanskeleg å seie om det er kontakt eller ikkje, på bakgrunn av dei bileta. Nokre seier det er kontakt, nokre seier det ikkje er kontakt. Eg må få snakke med Mike før eg kan hundre prosent uttale meg om saka.
– Tvilar på offside-dømminga
Dermed enda kampen 1–0 til Rosenborg, eit skuffande resultat for Sogndal som no står med tre strake tap.
– Det var nære på slutten, så det er klart at vi er skuffa med tanke på den innsatsen, energien og krafta vi har lagt ned, seier han.
For Sogndal skapte mange sjansar i løpet av kampen, først ved Mahatma Otoo, som vart sett på benken i det 72. minutt. På overtid viste Sogndal ekstra krefter og hadde to kjempesjansar, men ballen ville ikkje i nettet.
(Artikkelen held fram under biletet)
Åtte minutt før kampslutt var Sogndal så nære som dei kunne kome. Ballen gjekk frå Babacar Sarr i mål, men han vart vinka av for offside. Også det er Olsson i tvil om var rett avgjersle.
– Eg har ikkje sett det igjen, så eg kan ikkje seie det sikkert, men det kjendest ikkje som offside. Edvardsen gjer ein kanonkamp i dag, og det er ikkje lett for han når ein forsøkjer å jukse seg til seg ting, då er det ikkje lett å vere dommar, seier han.
Meiner Sogndal var best
– Det hadde vore betre om Rosenborg spelte fantastisk og gjorde eit kanonkamp. Då hadde eg kunne tatt det på ein betre måte enn eg gjer no, seier Olsson.
Han meiner Sogndal var best i kampen, og særleg mot slutten.
– Eg synest vi var betre i duellspelet og sterkare, spesielt på slutten, men dessverre vart det ingen poeng i dag.