– Mi tolking av pressekonferansen som gjekk i dag er at Solskjær er freista av Aston Villa. Det er ikkje overraskande, for det er riktig klubb til rett tid, seier Tjærnås før han legg til:
– Det som er overraskande er at Molde fotballklubb, slik eg ser det, har gjort det meir freistande for han å dra med dei reaksjonane både klubben og Kjell Inge Røkke (Aker) har hatt i etterkant, seier fotballeksperten Tjærnås, som mellom anna har vore Egil «Drillo» Olsens assistentmanager i Premier League-klubben Wimbledon.
Molde fotballklubb heldt pressekonferanse på Aker stadion laurdag.
Til stades var både manager Ole Gunnar Solskjær, styreleiar Øystein Neerland og direktør Tarje Nordstrand Jacobsen.
Stemninga var tydeleg ikkje som den brukar å vere, og det kunne sjå ut som at partane ikkje var verdas beste vener.
Alle måtte dei svare på sirkuset som oppstod 17. mai, og eskalerte då Ole Gunnar Solskjær reiste med privatfly til Birmingham for å samtale med Aston Villa.
Reisa førte til at Aker, med Kjell Inge Røkke i spissen, valde å trekkje seg som klubbens storinvestor etter sesongen.
- LES OGSÅ: Aker trekker seg ut av Molde
- LES OGSÅ: Siviløkonom: – Alvorlig for Molde fotballklubb
Solskjær: – Eg leitar ikkje etter ny jobb
Under konferansen blei det klart at Solskjær held fram som manager i Molde fotballklubb også etter eliteseriemøtet med Sandnes Ulf sundag.
– Men kva skjer vidare med deg og Aston Villa no?
– Det er opp til Villa kva dei gjør. Det er fleire kandidatar til jobben, og vi får ta stilling til det om dei kontaktar meg, sa Solskjær til NRK.
– Men kva skjer om dei kjem med eit tilbod?
– Då får vi ta dialogen veldig pent. Eg ser ikkje etter ny jobb, men om tilbod kjem får vi ta stilling til det der og då, la Solskjær til.
Manageren påpeikte også at han følte tilliten frå Molde var god, og bedyra at han ikkje er på jakt etter ny jobb.
– Eg må beklage alt styret rundt dette med privatjeten. Den burde ikke komme på kvelden, den 17. mai. Eg har ambisjonar om å bli Premier League-manager, men eg trivst veldig godt her i Molde, og føler ikkje nokon mistillit i Molde. Vi er klare for å ta nye utfordringar saman her i klubben.
Styreleiaren om Aker-reaksjonen: – Trist for klubben
Molde held altså på Solskjær, men må finne ny hovudsponsor som følgje av Molde-managerens England-stunt. Det verka ikkje direktør Tarje Nordstrand Jacobsen særleg glad for.
– Det er ingen tvil om at vi som klubb, og alle våre samarbeidspartnarar og investorar, er oppteken av forutsigbarheit og har klare og tydelege rammer rundt eit samarbeid. Denne saka har vore utfordrande, og blei særleg utfordrande i går. Det fekk eit resultat som er trist og leit for klubben, sa Jacobsen.
– Aker ASA blir med ut sesongen. Vi er no i gang med å jobbe fram nye løysingar rundt finansiering etter det. Det kjem til å bli krevjande, la han til.
Han fortel at Ole Gunnar Solskjær først fekk lov til å snakke med Aston Villa, men at han seinare blei fråråda det då det blei snakk om transport i privatfly frå Kristiansund lufthamn.
– Vi ønska ikkje at Solskjær skulle reise over, sa Jacobsen.
VIDEO: Solskjær under pressekonferansen laurdag
Neerland: – Har fått nye utfordringar i klubben
Neerland snakka også med NRK og andre medier etter pressekonferansen.
– Skjønnar de at han blir litt forvirra når han har fått ja til å reise frå både Molde og Kjell Inge, for så å få kontrabeskjed like før han skal reise?
– Det har eg ingen kommentar til, seier Neerland til NRK.
– Har det personlege forholdet endra seg mellom dykk siste dagane?
– Nei, det har det ikkje.
– Men det er vel litt annleis å møte ein kollega i korridorane når forholdet er omtala i media, eller er det «business as usual»?
– Kunsten er å snakke saman, og snakke om det og bli einig om det ein evenutelt er ueinig om.
– Men etter det som stod i pressemeldinga frå Aker... Det må jo vere spesielt å møte Solskjær etter det?
– Vi er vaksne menneske som må handtere verkelegheiten. Då løyser ein det meste med å snakke saman.
– Men det er også vaksne menneske som har hamna i ei knipe...
– Ja da. Vi i Molde fotballklubb ønskar i alle fall å snakke om dette, og er i ferd med å legge dette bak oss.
– Kva har de lært av dei siste dagane?
– At vi ikkje skal sende eit jetfly til Kristiansund, seier Neerland lattermildt.
Les meir under biletet!
– Har de i det heile tatt diskutert opphøyr av samarbeid med Solskjær etter dette?
– Ein må vise litt respekt for den knappe tida som har gått sidan då. Vi har hatt samtalar og fått nokre nye utfordringar i klubben. Summen av dette har vi har brukt litt tid til å gå gjennom.
– Men har Solskjær for eksempel spurt om at «viss eg seier at eg sluttar i morgon, skal vi då seie at eg er ferdig etter sesongen»?
– Det blir eit hypotetisk spørsmål. Vi held oss til at han har ein kontrakt, og det at gode prestasjonar kan medføre førespurnadar frå andre klubbar, seier Neerland.
NRK var det einaste mediet som fekk med seg at Solskjær reiste frå Gardermoen til Molde i rutefly laurdag morgon. Slik var det ikkje då Aston Villas privatfly letta frå Kristiansund lufthamn med Solskjær ombord fredag.
– Ruteflyet var vel litt meir diskret, ja, seier Neerland til NRK.
Isfront?
Fotballekspert, kommentator og bloggar i Canal +, Lars Tjærnås, meiner Molde etter dagens pressekonferanse framstod som utydelege som utydelege.
– For meg blir klubbens kommunikasjon utydeleg rundt kva Ole Gunnar faktisk fekk lov til.
Etter å ha høyrt svara til dei ulike Molde-medlemane, meiner fotballkommentator og bloggar i Canal + Lars Tjærnås at det er tydeleg å sjå at noko er gale.
– Eg opplevde ei forsamling som ikkje verka foreint om verken det som hadde skjedd, årsaka til det eller om vegen vidare.
– Leiinga ser ut til å vere i ein ytst vanskeleg posisjon, skvisa ein stad mellom sin manager og sin investor, legg Tjærnås til.
På Twitter skreiv fotballeksperten dette etter pressekonferansen:
«Har sett pressekonferanser i mitt liv hvor deltakerne har framstått mer forente og klare på å bygge videre sammen enn Moldes i dag.»
Tjærnås: – Villa meir freistande enn nokon gang
Om Solskjær i det heile får noko tilbod frå Premier League-klubben Aston Villa er enno uvisst. Men om det kjem, vil han nok vere meir villeg til å seie ja enn nokon gang før.
– Eg trur at det som frå før var freistande no har blitt slik at han kjem til å dra om tilbodet kjem, nesten uansett.