– Eg var utruleg sliten, for eg opna hardt. Eg måtte kjempe dei siste to kilometrane, men eg visste at eg var i god langrennsform, sa Riiber til NRK etter målgang. Og jubla.
– Det er heilt utruleg. Min første verdscupsiger. Og det i Kollen. Fantastisk, sa 18-åringen som bur berre eit par lange hopp unna Holmenkollen.
NRKs kommentator Fred Børre Lundberg tek fram dei store orda.
– Han er truleg det største kombinerttalentet nokonsinne. Han er berre 18 år, men løyste langrennet på ein ekstremt god måte. Her er det berre å glede seg til framtida, seier Lundberg.
Leia med over minuttet
Etter kjempehoppet på 130 meter gjekk han ut 1.10 framfor dei nærmaste konkurrentane. Det heldt i massevis, og konkurrentane var aldri i nærleiken av å tukte 18-åringen frå Heming.
Video: Sjå Riibers kjempehopp
I mål var han 16,6 sekund føre Akito Watabe. Eric Frenzel vart nummer tre.
– Det blir hardt, og eg er litt nervøs, sa han til til NRK før langrennet. Det hadde han ingen grunn til.
Jan Schmid vart nest best nordmann på sjetteplass, 53,3 sekund bak Riiber. Magnus Krog vart nummer 19, Mikko Kokslien 21 og Magnus Moan 22.
– Eg var nervøs på toppen, men fekk god treff på kanten. Eg fekk god fart og kunne stikke ut på slutten, og fekk endeleg til eit fint nedslag, sa Riiber om hoppet sitt. Han valde å starte ein avsats lengre nede enn dei andre.
– Eg skal vere slu og opne kontrollert. Så skal eg knuse dei i spurten, det er planen, seier han.
Men det vart aldri aktuelt med nokon spurt.
Han er glad for at det vart hopprenn i skoddeheimen i Kollen. For i den offisielle prøveomgangen i går – som hadde vorte teljande dersom det ikkje vart renn i dag – blei Riiber diska.
Jørgen Graabak vart nummer 14 i hopprennet, og går ut 2.01 bak Riiber, Magnus Krog nr 25 (3.12), Håvard Klemetsen 27 (3.19), Espen Andersen 31 (3.25), Magnus Moan 33 (3.38) og Mikko Kokslien 37 (3.52).