– Med denne turneringa taper eg alt eg har vunne tidlegare i år. Det er uheldig på mange måtar, seier Magnus Carlsen, som i løpet av få dagar har mista store poeng på verdsrankinga.
I løpet av Norway Chess har verdseinaren mista 18,8 poeng, og har no uoffisielle 2857,2 rankingpoeng.
På den siste offisielle rankinga hadde Carlsen heile 2876 poeng og leia med 76 poeng på nestemann, italienske Fabiano Caruana.
No er leiinga til næraste motstandar over halvert. Bulgarske Veselin Topalov har klatra til andreplass, og ligg 36 poeng bak Carlsen.
– Om eg held fram med å spele som dette blir eg tatt igjen av dei andre, seier Carlsen.
Variabel konkurranse
Redninga for nordmannen er ustabile konkurrentar.
– Det vil komme ein dag der Carlsen blir vippa av verdseinar-trona, men akkurat no varierer hans næraste konkurrentar for mykje i prestasjonane, seier sjakk-kommentator Dirk Jan ten Geuzendam.
Kommentatoren siktar mellom anna til Fabiano Caruana, som ikkje har klart å nærme seg Carlsen etter eit utruleg sterkt fjorår ved sjakkbrettet.
– Caruana leverte noko vi ikkje har sett i sjakkhistoria. Ikkje ein gang Carlsen har hatt slik framgang i løpet av eit sjakk-år, men Caruana har ikkje klart å følge opp suksessen, seier ten Geuzendam.
Caruana har ramla ned til femteplass på den uoffissielle rankinga, men har ikkje gitt opp håpet om å utfordre Carlsen.
– Eg trur det er mogleg å ta igjen Carlsen om eg gjør nokre justeringar og forbedrer meg litt, seier Caruana.
– Verre å nå 2900 poeng
Nøkkelen er altså stabilitet, noko Norges 24 år gamle verdseinar er viden kjent for.
– Hadde alle prestert på mitt nivå heile tida hadde dei hatt min rating, seier Carlsen, som ikkje føler seg trua heilt enno.
– Eg er i ferd med å stabilisere meg igjen, med siger og to remis i dei tre siste partia, fortel verdseinaren.
Carlsen har tidlegare sagt at han vil prøve å nå 2900 ratingpoeng, noko sjakk-ekspertar beskriv som vanvittig.
Med kollapsen i starten av Norway Chess har den målsettinga har fått eit skot for baugen.
– Det er klart at han har gjort det vanskelegare for seg sjølv der, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
– Eg kan ikkje fokusere på det no, seier Carlsen, som no tenker utelukkande på dei to gjenståande partia i Norway Chess.