Hopp til innhold

Badji klar for Brann

I dag vart det klart at fotballspelaren Stéphane Badji går frå Sogndal til Brann.

Stéphane Diarra Badji

TIL BRANN: Stéphane Badji har spela sin siste kamp i Sogndal-trøya.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Det er tv2.no som kan fortelje at Brann har bladd opp sju millionar kroner for midtbanespelaren som i fjor var ein svært viktig spelar for Sogndal.

Sogndal sa i forrige veke nei til eit bod på to millionar for den 23 år gamle spelaren frå Senegal. Men då Brann la på fem millionar gav Sogndal slepp på han.

Dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal stadfestar at dei to klubbane er samde om overgangen.

– I kveld eller i morgon reiser Badji til Bergen for medisinsk test og for å skrive personleg avtale med Brann.

– Dette er ein viktig spelar, kanskje den beste i fjor, og de har tidlegare gitt tydelege signal om at de ville behalde han, kvifor sel de han då?

– Det har vore ei totalvurdering der både økonomi og spelarvurderinga har talt.

Egil Mundal

- GODT NØGD: Dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal Fotball.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– God og viktig avtale

– Var det slik at de fekk så mykje pengar at de ikkje kunne seie nei?

– Vi kan alltids seie nei, men dette er ein god og viktig økonomisk avtale for Sogndal Fotball, og det er noko av det viktigaste for oss for å kunne utvikle klubben.

Mundal vedgår og at det har spela ei rolle at Badji har gitt klart uttrykk for at han vil til ein større klubb.

– Alt er med i ei totalvurdering. Det skal seiast at det ikkje har vore berre berre å vere Badji heller, og eg trur at han ville ha vore ein proff spelar for oss om han hadde blitt til sommaren, men no vart vi samde med Brann, og det er vi vledig godt nøgde med.

Mundal vil ikkje stadfeste, heller ikkje avkrefte summen på sju millionar korner som tv2.no har kome med.

NRK veit at beløpet skal vere i underkant av sju millionar kroner, og at deler av dette blir betalt for kvar kamp Badji spelar for raudtrøyene. I tillegg har Sogndal sikra seg prosentar ved eit eventuelt vidaresal.

Sportsleg leiar Håvard Flo i Sogndal Fotball har denne kommentaren:

– Sogndal har nok ein gong levert toppspelarar vidare i norsk toppfotball, det er vi i klubben stolte av. Som klubb er vi godt nøgd med det Badji har prestert for Sogndal, og vi ynskjer han alt godt i fortsettinga.

Vidar Vadseth

- SKIKKELEG SYND: Vidar Vadseth, leiar av Saftkokaradn.

Foto: Privat

Dette er noko leiar Vidar Vadseth i supporterklubben til Sogndal, Saftkokaradn, ikkje er særleg glad for.

– Dette var synd, han er den beste spelaren vi har. Badji var viktig for oss i fjor, og han ville ha blitt endå viktigare i år, så dette var skikkeleg synd.

Men han og resten av Sogndal-tilhengarane er vande med at gode spelarar forsvinn frå Fosshaugane Campus.

– Vi lever av å selje dei beste, det er den posisjonen vi har i norsk fotball, vi må vel berre avfinne oss med det.

Skral poengfangst utan Badji

Vadseth er nøgd berre Sogndal overlever i eliteserien, og han meiner Stéphane Badji hadde mykje av æra for at klubben greidde seg i 2012.

– Då ha var vekke og spela for Senegal under OL i London i fjor sommar var poengfangsen skral for Sogndal. Det var merkbart at han var vekke i fleire kampar.

– Trur du han kan bli skilnaden mellom fornya kontrakt eller nedrykk i år?

Det kan han bli, iallfall dersom han ikkje blir erstatta, men det vil tida vise. Vi har mange unge spelarar, men dei kan ikkje levere i 30 kampar.

Siste nytt

  • Team Braathen avviser Hirscher-rykter: – Blir ikke noe samarbeid

    Michael Pircher er Lucas Braathens nye trener og var sjef for Marcel Hirscher i seks år. Han er likevel klar på at det ikke vil bli noe samarbeid dem imellom.

    I mars ble det klart at Braathen gjør comeback som alpinist etter en sesong på sidelinjen, men for Brasil. Hokksund-gutten har derfor måttet sette sammen sitt helt eget team, hvor Pircher er ansatt som trener.

    48-åringen ble hentet fra Det østerrikske skiforbundet, hvor han blant annet hadde treneransvaret for skilegenden Hirscher fra 2013 til han la opp i 2019.

    Østerrikeren sjokkerte hele alpinverden da han annonserte comeback for Nederland tidligere i uken. Det har også skapt spekulasjoner om han og Braathen ville danne et samarbeid.

    – Det er ikke en sak for oss. Vi kommer garantert til å være i de samme skistedene, og noe vil dukke opp, men det blir ikke noe samarbeid, sa Pircher til Tiroler Zeitung, ifølge Blick.

    Trenerveteranen er tydelig på at fokuset hans nå ligger på Braathen, som skal jakte VM-gull i Saalbach til vinteren.

    – Om dagen planlegger vi opplegget, alt er fortsatt i de tidlige stadiene. Vi har nettopp funnet hverandre, sa Pircher. (NTB)

    Lucas Braathen
    Foto: BARBARA GINDL / AFP
  • Formel 1-stjerne ferdig i Haas etter sesongen

    Den tyske Formel 1-stjernen Nico Hülkenberg kjører sin siste sesong for Haas. Det bekreftet laget fredag formiddag.

    «Haas og Nico Hülkenberg vil skille lag ved avslutningen av 2024-sesongen» heter det i meldingen på X.

    Tyskeren er inne i sin andre sesong for Haas. Tidligere har han kjørt for lag som Williams, Sauber, Renault og Aston Martin.

    36-åringen har tatt en pole position, men har fortsatt til gode å vinne et Formel 1-løp. Totalt har han tatt 534 poeng på 211 løp i karrieren.

    Så langt denne sesongen står han imidlertid bare med fire poeng på fem løpshelger. Hans beste resultat i år er en 9.-plass fra Australias Grand Prix. (NTB)

    Japan F1 GP Auto Racing
    Foto: Hiro Komae / AP
  • Rashford ut mot netthetsen: – Nok er nok

    Manchester United-angriperen Marcus Rashford (26) har sett seg lei av behandlingen han får i sosiale medier.

    I et svar på en støttemelding på X skriver Rashford at «mobbingen har pågått i månedsvis».

    – Nok er nok, avslutter han med.

    Responsen kom etter at en X-bruker med United-sympatier gikk ut mot hetsen av Rashford og omtalte den som motbydelig og ondsinnet.

    26-åringen scoret hele 30 mål forrige sesong, men siden har det gått trått. Rashford står denne sesongen med kun åtte scoringer på 40 klubbkamper. (NTB)

    Rashford jubel united
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal