Hopp til innhold

Tok 34 elevar i narkoaksjon

Til saman 25 elevar ved Sam Eyde videregående skole i Arendal har vedgått bruk av narkotika. Elevane vart tekne i ein stor politiaksjon ved skulen måndag og tysdag denne veka.

Sam Eyde videregående skole, Arendal

Fleire elevar vart tekne i ein stor narkoaksjon ved Sam Eyde videregående skole i Arendal.

Foto: Pål Tegnander/NRK

Til saman 20 politifolk deltok i aksjonen.

– Vi arresterte totalt 34 elevar og blant anna narkotesta dei. Av desse har 25 no erkjent bruk av narkotika, seier politistasjonssjef i Arendal, Jan Sverre Krogstad til NRK.

Det var Agderposten som først omtalte saka.

Krogstad seier til NRK at politiet har fått uromeldingar tidlegare når det gjeld sal av narkotika på skulen.

Rusa bak rattet

– I tillegg har elevar vore rusa på skulen. Det gjeld til dømes elevar som går på linje der dei køyrer tunge køyretøy, seier Krogstad til NRK.

I etterkant har politiet vore heime hos fleire av elevane.

– Nokon er blitt bøtelagde. Fleire har fått tilbod om det vi kallar ungdomskontrakt. Der forpliktar dei seg til å halde seg unna kriminell aktivitet i to år, også er rullebladet framleis reint, seier han.

Ifølgje Agderposten skal det dreie seg om ungdommar heilt nede i 16 års alderen. I politiaksjonen vart det også beslaglagt narkotika.

Politistasjonssjefen kan ikkje sjå bort frå at det vil komme liknande kontrollar på skulen seinare.

Ville urinteste

– Det primære målet vårt var først og fremst å sende eit signal langt inn i ungdomsmiljøa om at ingen skal føle seg trygge. Vi ser ikkje bort ifrå at det kan bli fleire slike aksjonar, seier han.

I juni skreiv NRK om at Sam Eyde videregående skole gjekk nye vegar for å overvinne narkotikaproblem blant elevane. Der vart urintestar drege fram som eitt alternativ.

– Vi som skuleeigar må erkjenne at vi har ei utfordring. Vi har eit problem og det konstaterer vi og det tek vi innover oss. No går vi i gang med nye tiltak, sa fylkesutdanningssjef i Aust-Agder, Stein Kristiansen, til NRK i juni.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %