Hopp til innhold

Imponert over luftige svev: – Fleire kan nå OL

Under avslutningshelga i OL var freeski-talent frå heile Sør-Norge samla på Hovden for å vise ferdigheitene sine i «big jump». Arrangøren trur fleire av deltakarane blir å finne i OL i framtida.

Nær 70 barn og unge deltok på Freeski-cup på Hovden i helga.

VIDEO: Sjå video av nokre av hoppa på Hovden.

Til saman 64 deltakarar stilte til start i alderen 6 til 18 år. Freeski-cupen er eit samarbeid mellom Agder og Rogaland.

Rennleiar Pål Berntzen er særs nøgd med gjennomføringa.

– Vi kunne endeleg gi eit tilbod for barn og unge på lågterskelnivå under Norgescupen, seier han til NRK.

Trur på OL-utøvarar

Rennleiaren fortel om mange luftige svev og ikkje minst idrettsglede.

– Det er eit utruleg flott og sunt miljø. Dei eldste er utruleg flinke til å klappe dei yngre på skuldra og skryte av dei. Dette er leik om moro, seier han.

Berntzen er overbevist om at ein eller fleire av deltakarane kan nå OL på sikt.

– Det er ikkje noko å lure på. Her var representantar frå heile Sør-Norge og mange held eit veldig høgt nivå, seier han.

Han er også ansvarleg for ei gruppe med opp mot 70 som driv med freeski på Hovden.

– I ferd med å ta av

– Nesten alt av barn og unge som bur her er med i gruppa. Det er truleg moro og dei har det gøy i bakken. Det er tydeleg å sjå, seier han.

I OL i Sotsji vart det norsk medalje i snowboard då Ståle Sandbech tok sølv i slopestyle. Berntzen trur endå fleire vil fatte interesse for freeski i framtida.

– Vi ser at dette er i ferd med å ta av. Det er fengande og barn og unge tykkjer det er gøy å vere med, seier rennleiaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %