Hopp til innhold

Opprettar tilsynssak etter rømming

Fylkeslegen i Vest-Agder opprettar tilsynssak mot Sørlandet sykehus etter at ein drapsmann rømte frå psykiatrisk avdeling i førre veke.

Froland

Fylkeslegen skal undersøkje saka der ein mann, som er dømd for drap, stakk av frå psykiatrisk avdeling for andre gang.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Assisterende fylkeslege Toril Hagerup-Jenssen

Toril Hagerup-Jenssen.

Foto: Lars Eie / NRK

– Vi tenkjer at det er viktig å sjå på kva som har vore gjort og om vurderingane som har vore gjort er i samsvar med krav til forsvarlighet, seier fungerande fylkeslege Toril Hagerup-Jenssen til NRK.

Drap politimann

Det var torsdag i førre veke at ein mann, som er dømd for å ha køyrt på og drepe ein politimann for tre år sidan, rømte frå psykiatrisk avdeling.

Mannen vart arrestert i eit hus i Froland ved 20.30-tida fredag kveld.

Dette var andre gang at mannen rømte frå psykiatrisk avdeling ved sjukehuset i Kristiansand.

I mai i fjor rana han til seg ein bil og vart arrestert etter ei biljakt i Arendal.

Mangelfull utgreiing

– Førre gang fekk dei kritikk, eller beskjed om at det ikkje var fagleg forsvarleg, når det galdt mangelfull utgreiing og journalføring, seier Hagerup-Jenssen.

Klinikksjefen ved klinikk for psykisk helse ved Sørlandet sykehus svarar slik på korleis det er mogleg at ein pasient stikk av to gonger på under eitt år.

– Det er sjølvsagt uheldig at personen rømte. Situasjonen er ganske annleis i dagens situasjon enn då han rømte første gang, seier klinikksjef Oddvar Sæther.

– Korleis det?

– Denne gangen har vi gjort eit farlegheitsvurdering. Det var ingenting i vegen for at ein kunne gå i gang med ein strukturert progresjon med mindre rammer rundt personen. Først utgang med følgje og etter kvart utan følgje og prøve seg fram, seier han.

– Var ikkje farleg

– Det som skjedde var at han valde å springe av garde utan at det dermed var vurdert av oss at pasienten var farleg, seier Sæther.

Klinikksjefen understrekar igjen at mannen ikkje var farleg.

– Det er ein vesentleg skilnad frå førre gang til no. Det uheldige var at han valde å ikkje halde dei avtalene vi hadde med han i forhold til kortvarig utgang utan følgje, seier han.

No går fylkeslegen i gang med å undersøkje saka.

– Vi ber sjukehuset kommentere hendinga og ber om å få utskrift av journal for å sjå kva dei har dokumentert i opplegget, korleis det har følgt opp pasienten, kva dei har gjort og så ber vi om ei tilbakemelding om korleis dei har følgt opp saka etter at vi hadde tilsynssak førre gang, seier Hagerup-Jenssen.

– Det er viktig at vi vert gått i sømmane. Vi ynskjer innsyn slik at vi kan få ein korreksjon dersom det er ting som ikkje er gjort som det skal, eller om vi må justere rutiner, seier Sæther.

Mannen er dømd til fem års fengsel for å ha køyrt ned og drepe politibetjent Børge Ivarsen ved Grimstadporten på E18 4. mars 2010.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %