Hopp til innhold

Opdal frustrerte Godset i 70 minutt

Strømsgodset prøvde og prøvde, men vart gang på gang stoppa av Håkon Opdal. 20 minutt før slutt måtte keeperen gje tapt.

Start - Strømsgodset

Håkon Opdal leverte ei rekkje klasseredningar mot Strømsgodset.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi er ikkje på nivå med dei i det heile. Vi har 0-0 lenge, men resultatet lyg. Vi må skape meir trøkk og klare å halde ballen meir i laget. Dette var veldig skuffande, seier Start-keeper Håkon Opdal til Cmore.

– Det var kjempedeilig. Vi spelar ein bra kamp og eg tykkjer vi er mykje betre enn Start, seier målscorar Iver Fossum til tv-kanalen.

Strømsgodset

Iver Fossum scora kampens einaste mål 20 minutt før slutt.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

I første omgang hadde Strømsgodset ei rekkje sjansar til å gå opp i leiinga, men gang på gang stod Start-keeper Håkon Opdal i vegen.

Den tidlegare Brann-keeperen varta opp med ei rekkje klasseredningar.

– Det er ingen trøyst. Det vi viser i dag er ikkje godt nok, seier Opdal.

– Levande vegg

– Håkon Opdal har nesten vore som ein levande vegg. Det er nesten utruleg at Godset ikkje leiar til pause, sa NRKs fotballekspert Karl-Petter Løken etter dei første 45 minutta.

– Hadde det ikkje vore for Opdal kunne Strømsgodset ha scora både ein, to og tre gonger, sa Cmore-ekspert Steffen Iversen.

I andre omgang heldt Strømsgodset fram med å produsere store sjansar. Åtte minutt ut i andre omgang fyrte Iver Fossum av frå kort hald, men igjen stod Opdal i vegen.

Keeperen fekk slått ballen like utanfor.

Sesongens femte for Fossum

Det var nemnde Fossum som til slutt skulle få hol på byllen. 20 minutt før slutt måtte sjølv Håkon Opdal gje tapt.

Fossum fekk ballen utanfor 16-meteren og fekk gå heilt upressa mot Start-målet. Fossum plasserte ballen til venstre for Opdal, som gjekk ut i full strekk. Dette var Fossum si femte eliteseriescoring denne sesongen.

Start forsøkte å legge presse på Godset i sluttminutta, men klarte aldri å slå tilbake.

– Vi er litt skuffa og manglar litt kvalitet for å vippe dette i vår favør. Vi var fullt på høgde med Godset. Det er forbaska irriterande at vi er så slappe i presset på scoringa. Det var ein jamn kamp som kunne ha bikka begge vegar, seier Start-trenar Mons Ivar Mjelde til Cmore.

Strømsgodset-trenar Bjørn Petter Ingebretsen meiner dei vann fortjent.

– Vi hadde klart flest sjansar og hadde ballen mest spesielt i første omgang. Eg føler vi vinne ein fortjent siger, seier trenaren til Cmore.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %