– Det var fin pels på denne i forhold til den førre dei skaut. Den var berre skabb. Eg kan ikkje forstå at den kunne leve. Det var nesten ikkje hår og det var midt på vinteren i mange kuldegrader, seier preparant Tor Slettebøe ved Naturexpo.
Det var ein ung hannulv på 43 kilo som vart skoten. Truleg er det eit streifdyr.
– Det er eit imponerande dyr, seier Slettebøe.
Når det vert skote ein ulv er det jegeren som har krav på skinnet. Jegeren seier til NRK at jaktlaget skal vere med på å avgjere kva dei skal gjere med den.