Hopp til innhold

– Brannstiftaren varsla oss om at han skulle setje fyr

Ole Christian Leibsland sat heime på Lund i Kristiansand og åt middag då dørtelefonen plutseleg ringde. I telefonen fekk han ei sjokkerande melding.

Ole Christian Leibsland sat heime på Lund i Kristiansand og åt middag då dørtelefonen plutseleg ringde. I telefonen fekk han ei sjokkerande melding.

VIDEO: Ole Kristian Leibsland vart varsla av brannstiftaren om at han skulle setje fyr.

Brann på Lund

Røyk frå vindauge på butikken som stod i brann.

Foto: Kim Nystøl/NRK

– Han ringde og sa kva han heitte. Så sa han at eg måtte ta med meg familien og komme meg ut, fordi han skulle setje fyr, seier Leibsland til NRK.

Det var ved 18-tida søndag kveld episoden fann stad på Lund i Kristiansand. Leibsland bur i ei leilegheit over ein butikk. Det var i butikken det brann.

Leibsland la frå seg telefonen og gjekk ut på gata for å sjå om mannen snakka sant.

– Fekk panikk

– Eg må innrømme at eg fekk panikk. Eg tenkte, er det mogleg å berre gjere slike ting. Eg tok skoa fatt og sprang rett ut. Når eg kom ut såg eg at det stemte det han sa, seier han.

Han sprang tilbake i leilegheita for å få ut kona og dottera. Deretter ringde dei brannvesenet.

– Brannvesenet var raskt på plass. Det tok ikkje mange minutt. Men det var ei forferdeleg oppleving. Det er slik du aldri tenker du skal oppleve. Men når det skjedde er eg jo glad at han ringde og sa ifrå om at han skulle setje fyr, seier han.

43-åring pågripen

Brannvesenet fekk melding om brannen i ein butikk på Lund i Kristiansand like etter klokka 18 søndag kveld. Kring ein halvtime seinare var brannen sløkt.

Brannstiftaren, som er ein 43 år gammal mann, er allereie arrestert.

– Han var i området då vi kom fram og vart pågripen, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Audun Eide til NRK.

Brannmeister Trond Busterud seier at brannvesenet raskt fekk kontroll over brannen.

– Vi sende inn røykdykkarar og fekk sløkt brannen med ein gang. Det gjekk eigentleg ganske raskt, seier han til NRK.

– No har vi lufta ut det vi kan, så tek vi ein etterkontroll, seier han.

Ni personar vart evakuert då det brann. Ingen personar skal ha blitt skada i brannen.

Brannvesenet om brannen på Lund i Kristiansand.
Brannvesenet har kontroll over brannen i ein butikk på Lund i Kristiansand.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %