Hopp til innhold

– Dette betyr at vi får ein mild vinter

Det kjem til å bli ein våt og til dels varm vinter. Det viser det forskingsbaserte langtidsvarselet til Agder Energi. Pol-is og flekkar på sola er viktige indikatorar for varselet.

Det kjem til å bli ein våt og til dels varm vinter på Sørlandet. Det viser det forskingsbaserte langtidsvarslet til Agder Energi. Pol-is og flekkar på sola er viktige indikatorar for varselet.

VIDEO: Prognosane til Agder Energi viser at vi vil få ein mild vinter.

Meteorolog Tarjei Breiteig hos Agder Energi studerer kart på kontoret sitt i Kristiansand.

– Her ser vi isdekke. Dette er sjøisutbreiing i Arktis. Det ein kan slutte utifrå dette er at det er med på å påverke til å gi ein mildare og våtare vinter enn normalt, seier Breiteig til NRK.

Mykje solaktivitet

Jobben hans er å observere naturen. Prognosane til no syner at det kan bli mindre av snø som skapar kaos på vegane i vinter.

I arbeidet med å finne ut korleis vinteren blir brukar han sola, sjøtemperaturar og Arktis.

– Når det er mykje solaktivitet på toppane av grafane ser vi at det kjem hyppigare mildare og varmare vintrar, seier han.

For Agder Energi er vêrvarsel avgjerande for å kunne disponere kraftproduksjonen riktig.

Tarjei Breiteig

Tarjei Breiteig overvakar vêrsituasjonen for Agder Energi.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Ser på fleire faktorar

– Det fortel at vi det er auka sannsyn for å få ein mild og våt vinter. Sannsynet er auka i forhold til i fjor. Då var sannsynet større for å få ein kald og tørr vinter basert på sju-åtte ulike ting ein kan sjå på, seier han.

Tidlegare i haust skreiv NRK.no om at straumleverandøren LOS ikkje ventar høge straumprisar i vinter.

– Det er ikkje berre vi i LOS som meiner dette. Det er generelt for bransjen. Det er ingen som meiner at prisen vil sprette opp på det nivået vi hadde for nokre år sidan, sa marknads- og kommunikasjonsansvarleg i LOS, Thorbjørn Laundal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Julian Ryerson Mbappé

Superstjernen slaktes etter Ryerson-duell: – Kriseprestasjon

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %