Hopp til innhold

Yngve Hallen trekte seg i protest

Fotballpresident Yngve Hallen og fleire andre delegatar var innstilte til idrettsstyret, men gjekk heller på talerstolen og trakk seg på grunn av sterk splid i forbundet.

Yngve Hallen på idrettsinget

TRAKK SEG: Yngve Hallen, president i Norsk Fotballforbund, var blant delegatane i særforbunda som trakk seg frå idretsstyret. Det er splid i organisasjonen.

Foto: NRK/Scanpix

Det oppstod totalt kaos på Idrettstinget i dag. Særforbunda sin strategi om å «straffe» idrettskretsane har lykkast for fullt, skriv VG Nett.

Fleire av delegatane som var innstilt til idrettsstyret trekte seg på grunn av sterk splid mellom forbunda og kretsane. Ein av dei var fotballpresident Ynge Hallen, som tidlegare har vore varaordførar i Sogndal og dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Full splid mellom særforbunda og kretsane

Børre Rognlien var vald til ny idrettspresident etter Tove Paule. Rett etter at Rognlien vart vald gjekk han på talarstolen og ba om ro og orden i organisasjonen.

Men bøna var kontakt avvist av delegatane som gjorde heller opprør. Friidrettsleiar Anne Sophie Hunstad, fotballpresident Yngve Hallen og Geir Kvillum trekte alle sine kandidaturer til idrettsstyret.

(Artikkelen held fram under biletet)

Børre Rognlien

NY PRESIDENT: Børre Rognlien er valgt til ny idrettspresident. Men det politiske spelet og kaoset braut laust etter berre få minutt.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Spliden handlar om makt mellom særforbunda og kretsane. Kaoset starta allereie under valet av visepresidentar, der særforbunda brått stod utan kandidatar.

Hallen seier han lenge har tenkt på å trekke kandidaturet sitt, og at han for lenge sidan hadde informert noværande idrettspresident Børre Rognlien om dette.

– Eg ser fram til å samarbeide med deg, Børre, men bare i eigenskap som fotballpresident, sa Hallen frå talarstolen.

– Ta til vettet

Fotballpresidenten sat i forhandlingar med idrettskretsrepresentantar frå Oslo og Hordaland til tre-fire-tida i natt i håp om å finne ei løysing på konflikta. Også Rognlien var blant dei mange delegatane som satt oppe i natt.

– Eg gjekk tydlegvis to timar for tidleg til sengs. Då eg gjekk og la meg klokka tre i natt hadde vi klare kandidatar frå særforbunda, men no har vi plutseleg ingen, sa Rognlien ifølgje VG Nett.

Ifølgje NRK Sporten førte den dramatiske splittinga til at den nyvalde idrettspresidenten gjekk på talarstolen og refsa delegatane:

– Ta til vettet, sa han til Idrettstinget.