Solnedgang i Florø
Foto: Truls Kleiven

Desse solnedgangane får overveldande respons

Truls Kleiven og Dag Frøyen frå Florø tar bilde av solnedgangar og postar det i sosiale medium. Det har gitt dei overveldande respons.

– Av og til tenker eg at folk må jo sjå at det berre er ei sol som går ned i havet, kva er så spesielt med det? seier Dag Frøyen.

Han er ein av florøværingane som har fått mange tilbakemeldingar ved å poste bilde av solnedgangane i Florø på Facebook.

– Eg bur heilt nede ved sjøen, og ser rett ut på Hellefjorden, der sola går ned i havet. Mange går ned til vasskanten for å fotografere, og så fekk eg også spørsmål om ikkje eg også skulle ta bilde.

For nokre år sidan begynte han dermed å publisere bilde av solnedgangar han hadde tatt frå verandaen sin. Det likte folk i sosiale medium, og til finare bildet var, til fleire tomlar opp fekk han.

– Eg blei litt overraska over at det var så populært, men på den andre sida er det ikkje så rart. Det er veldig vakkert her i Florø, vi er stolte over plassen vi er frå og der vi bur. Det er artig at vi får så mykje respons.

Dag Frøyen og Truls Kleiven

LIKAR SOLNEDGANGAR: Florøværingane Dag Frøyen og Truls Kleiven er stolte over dei flotte solnedgangane i Florø og likar å vise dei fram.

Foto: Privat

Truls Kleiven publiserer også bilde frå solnedgangar frå ulike stader i Florø, og har opplevd den same responsen i sosiale medium.

– Eg har stor glede av å fotografere, og det er tydeleg folk set pris på å sjå bilda. Vi er jo veldig patriotiske her i Florø, og eg har spesielt fått mange tilbakemeldingar frå utflytta florøværingar som lengtar heim når dei blir minna på kor vakkert det er her, seier han.

Solnedgang i Florø
Foto: Truls Klevein

«Dagens elg»

Frøyen kallar alle solnedgangsbilda sine «elg» og speler dermed på den klassiske klisjeen om «elg i solnedgang».

– Eg tar ikkje bilde med ironisk distanse, men det er litt dobbelt. På den eine sida er det jo eit slite motiv sidan solnedgangar blir fotografert heile tida, men samstundes er det noko vakkert som blir gjentatt fleire gonger, og det er så utruleg flott å sjå på.

Det er det same motivet han tar bilde av kvar gong, sola som sakte beveger seg nordover i det ho søkk i havet ved Batalden.

– Dette er kjente referansepunkt her i Florø, og folk synest det er kjekt når dei kjenner seg igjen. Landskapet er det same, men det einaste som flyttar seg er sola. Folk spør meg: Kvar er elgen no?

Kleiven har alltid tatt naturbilde med ulike motiv frå Florø, og seier solnedgangar alltid er populære.

– Eg veit ikkje akkurat kva det er med desse solnedgangane, men på mange måtar er dei balsam for sjela. Ein kjenner seg igjen i landskapet, samstundes som lyset og skyene kan gjere det så annleis, så det same motivet kan få stor variasjon.

Solnedgang i Florø

DET FORANDERLEGE OG DET KONSTANTE: Kombinasjonen av dei stabile elementa i bilda og det skiftande lyset gjer solnedgangar så populære.

Foto: Dag Frøyen

Redigerer ikkje

Medan Kleiven alltid har kameraet med seg, nyttar Frøyen mobiltelefonen. I motsetnad til det ein kanskje skulle tru, bruker ingen av dei mykje tid på å fikse på bilda i etterkant.

– Eg gjer ingenting anna enn å knipse, og så legg eg dei ut. Eg tar ikkje på filter eller redigerer, men lastar bilda rett opp, seier Frøyen.

Han jobbar til vanleg som journalist, fotograf og vaktsjef i Firdaposten. Der har han tatt mange bilde han har brukt lang tid på.

– Når ein skal ta skikkeleg gode bilde, er dette ufatteleg tidkrevjande. Det er store forventningar til at bilda skal bli bra, ein bruker lang tid på å få alt til å stemme, og må ta omsyn til blendar, lukkartid, lys og djupne i bildet.

– Dermed er det også ganske morosamt at slike bilde eg tar i full fart her, utan profesjonelt kamera, og berre knipsar i veg, blir så bra. Ofte er det dei enklaste bilda å ta som blir dei flottaste, seier Frøyen.

Litt rampete

Ein gong då dottera hans på tre år var med ut på verandaen og knipsa bilde av solnedgangen, var det eit av desse bilda som blei det beste. Det enda med at det var dette bildet han lasta opp på Facebook.

– Då fekk eg mange kommentarar på at eg var ein veldig dyktig fotograf, ler Frøyen.

Han liker å vere litt rampete, og bryte med alle konvensjonane om korleis ein skal ta gode bilde.

– På mange måtar er bilda mine litt antifotograf-aktige sidan eg ikkje tar omsyn til alt ein «bør» gjere når ein skal ta gode bilde. Dermed er litt gøy at det er slike upretensiøse bilde som jo berre er tatt for gøy, som gjer at eg får tilbakemeldingar på at eg er god til å fotografere.

Solnedgang nordvest for Batalden

SOLA BEVEGER SEG: – Landskapet er det same, det er berre sola som beveger seg i løpet av året, seier Dag Frøyen som tar bilde frå verandaen sin i Florø.

Foto: Dag Frøyen

Nødvendig med sollys i mørketida

Truls Kleiven har arbeidsplassen sin i Førde, og merkar spesielt mangelen på sol i vinterhalvåret.

– Der eg jobbar ser me ikkje sola nokre på månader. Difor blir behovet endå større for å kome seg ut til kysten etter enda arbeidstid, og dersom det er fint vêr får eg med meg solnedgangen på veg heim.

Florapatriotane er audmjuke og takksame for responsen dei får frå folk når dei legg ut bilde.

– Vi har ein fantastisk natur her i Florø. Det er ofte fint vêr og fantastisk lys, så det er mange nydelege motiv å fotografere.