Spydspissen stod for 20 mål då Nest-Sotra tok steget opp til 1. divisjon i fjor. Ifølgje Drammens Tidende er han no i Spania med Sogndal.
Der skal saftlaget måle krefter mot Aalesund, Start og Brann frå 20. til 26. februar.
– Det kom eit freistande tilbod frå Sogndal på La Manga, stadfestar Tim Nilsen overfor avisa.
– Rett for han å gå
21-åringen har figurert i fleire av fjorårets seriemeister sine treningskampar i år. Her gjorde han så god figur at Ronny Deila ville ha han med på eit nytt treningsopphald i Spania.
Jostein Flo stadfestar overfor Drammens Tidende at dei inntil vidare har skrinlagt hordalendingen.
– Ja, det var rett for han å gå til Sogndal, seier Flo.
– Elskar saft
På sin eigen Twitter-konto legg ikkje Nilsen skjul på at han er på veg til La Manga.
– På veg no, elskar saft så det skal gå veldig bra, skriv han på spørsmål frå ein Godset-supporter.
Det er uvisst kor nærme 21-åringen er ein overgang til Sogndal. I tillegg til Nilsen er også Førde-spiss Kristian Fardal Opseth med til den spanske solkysten.