Hopp til innhold

Vogntog var nær å ta fyr i tunnel

Eit utanlandsk vogntog skapte kraftig røykutvikling i Jernfjelltunnelen på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland natt til torsdag.

Jernfjelltunnelen

Vogntoget stogga midt i tunnelen på E39 mellom Gulen og Masfjorden kommune. Vegen vart stengd klokka 23.32.

– Det var kraftig røykutvikling, fortel Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen.

– Kunne fort blitt ein brann

Tunnelen var stengd fram til klokka 00.17, då brannvesenet overtok og dirigerte trafikken forbi vogntoget. Brannventilasjonen i tunnelen vart sett i gang tunnelen vart opna, ifølgje Sleire.

Klokka 01.40 var vogntoget ute av tunnelen. Det kunne fort gått verre, meiner Sleire.

– Vogntoget tok ikkje fyr, men det var ein del varme, så det kunne fort ha blitt ein brann, seier han.

Gjekk tom for kjølevæske

Årsaka til brannen var at vogntoget gjekk tom for kjølevæske. Stenginga skapte få problem for trafikken, ifølgje vegtrafikksentralen.

– Det var lite trafikk, og det var berre nokre få trafikantar som ringde inn til oss og lurte på kvifor tunnelen var stengd, seier Sleire.