Hopp til innhold

Tysdag låg ho til sengs med sjukdom - i dag senka ho alle damene opp Bystien

May Britt Buer knuste alle i kvinneklassen og vann for andre år på rad Førde Opp. Men hadde du spurt ho tysdag, hadde ho neppe trudd ho kom til å stille til start.

May-Britt Buer

GAV ALT: May Britt Buer gav jarnet. I dag heldt det til førsteplass i kvinneklassen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– I dag var det eit sterkt felt også, så eg hadde ikkje trua i det heile, seier Buer, som kom seg til toppen på 31,54 minutt, og dermed sette ny løyperekord for kvinner.

Måndag og tysdag låg motbakkedronninga til sengs med sjukdom, så ho hadde heilt moderate von då ho stilte til start laurdag.

– Eg har trent ei økt sidan førre noregscupløpet på laurdag som var, seier Buer.

Tvinga seg sjølv til å stille

Men ho var påmeld til Førde Opp, og tenkte det ville vere for dumt å ikkje stille.

– Eg tenkte søren og. Det er ganske kostbar påmeldingsavgift, så eg bestemde meg for å reise opp hit og gjere mitt beste, seier Buer, som er jublande glad.

– Tenk at det gjekk, seier Buer.

Men ho legg ikkje skjul på at det kosta krefter.

– Det var tungt, kjempetungt, seier Buer.

Ho er også godt nøgd med tida 31,54.

– I fjor sprang eg på nesten 34 minutt, så det er to minutt betre enn i fjor. Men no var løypa noko betre i år enn i fjor, seier Buer.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

GAV ALT: Øyvind Heiberg Sundby på veg mot toppen. Foto: Arne Stubhaug

Torer aldri å ta ei veke fri

Sidan førre Førde Opp er heile vegen til toppen ferdigstilt, dermed har nok deltakarane i år hatt noko betre løype enn tidlegare år.

– I fjor var det litt meir sti og myr, og ganske blautt, så det var ganske tungt på eit parti nede her. Løypa var nok litt raskare i år, seier Buer.

At eit par dagar på sotteseng gjorde godt for skrotten, er heller ikkje utenkjeleg.

– Eg har jo høyrt at det kan lønne seg med ei veke treningsfri innimellom, men det torer eg aldri å gjere utan at eg vert sjuk. Men det er kanskje oppskrifta, seier Buer.

Eli Anne Dvergsdal (22) frå Jølster vart nummer to i dameklassen, åtte sekund bak Buer på tida 32,02.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

NÅDDE MÅLET: Marius Vedvik frå Førde satsa på ein andreplass. Det klarte han med glans. Foto: Arne Stubhaug

Målet var andreplass

– Det er jo ei oppleving å komme hit og sjå den flotte turstien som førdianarane har fått, seier Øyvind Heiberg Sundby.

Han var den aller raskaste opp dei neste tre kilometerane opp til toppen av fjellet med tida 26.58, som vert ståande som offisiell løyperekord for menn.

– Eg tykkjer det er eit kjempeflott motbakkeløp. Det var hardt, men eg sprang jamt og er godt fornøgd med springe, seier Sundby.

Og for det lokale håpet gjekk det som planlagt. Marius Vedvik frå Førde fortel at målet var å få ein andreplass, og det klarte han på tida 28,22.

– Eg visste at Sundby er mykje sterkare enn meg i slike bakkar. Ein må vere realist, seier Vedvik som fortel at dette er det første motbakkeløpet han har vore med på i år.

– Marius er jo noregsmeister på 5000 meter bane i år, så han slår meg på flata, legg Sundby til.

Øyvind Heiberg Sundby og Marius Vedvik

RASKAST: Øyvind Heiberg Sundby (t.v.) var raskaste mann opp på toppen av Hafstadfjellet. Marius Vedvik (t.h.) vart nummer to.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Mange skuleklassar deltok

Konkurransen om å bli den skuleklassen som stilte med prosentvis flest av elevane vart vunnen av klasse 4a på Slåtten skule som deltok med 77 prosent av elevane.

Klasse 3c på Slåtten skule tok andreplassen med 70 prosent, medan klasse 4a på Førde barneskule vart tredje beste klasse med 69,2 prosent av elevane.

Totalt hadde Førde Opp 1407 registrerte deltakarar.

Created by InfoDispatcher

HAKK I HÆL: May Britt Buer tok førsteplassen. Like bak kom Eli Anne Dvergsdal frå Jølster i fint driv. Foto: Arne Stubhaug