Hopp til innhold

Vil kartleggje dødsfall for å prioritere

Fylkeskommunen vil finne ut kvar dødsulukkene på vegane i Sogn og Fjordane skjer, for å kunne prioritere opp desse vegane i tøffe økonomiske tider.

Jenny Følling og Arnstein Menes

KARTLEGGE: Hovudutvalet for samferdsle i fylkeskommunen vil kartlegge for å prioritere dei farlegaste strekningane, no når fylkeskommunen må kutte over 200 millionar kroner, seier leiar i utvalet, Arstein Menes. På bilete er Menes saman med fylkesvaraordførar Jenny Følling, under ei synfaring på den rasutsette strekninga ved Heilevang på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde i februar.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Difor vil fylkeskommunen no gjennomføre ei kartlegging.

Leiar for samferdsleutvalet, Arnstein Menes, meiner dette er noko som må gjerast for at dei skal kunne prioritere dei farlegaste strekningane.

– No er vi i ein vanskeleg situasjon, og vil i alle fall vite noko om årsaksforholda her. Har ulukkene samanheng med den standarden vegane våre har?

Må gjere tøffe prioriteringar

Årsaka er at dei skal få best mogleg grunnlag for å finne ut kvar dei skal kutte og kor dei skal prioritere å bruke pengar.

– I den grad ulukker har sine årsaker i dårleg vegstandard så må vi ta med det i vurderinga når vi no skal vurdere kutt på drift og vedlikehald av vegane.

For dei må spare pengar: den blå regjeringa har bestemt at fylkeskommunen skal kutte 229 millionar kroner, og då må dei prioritere å sikre dei farlegaste strekningane og kutte andre stader.

Statens vegvesen: – Klokt

Nils Magne Slinde

KLOKT: Nils Magne Slinde i Statens vegvesen, tykkjer valet til fylkeskommunen er klokt.

Foto: NRK

I fjor var det åtte dødsulukker i Sogn og Fjordane. Sjølv om det er fleire årsaker, som høg fart, kunne ein del vore unngått med tryggingstiltak, seier Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– Det er alltid nokre ulukker som kunne vore hindra, til dømes av rekkverk. Møteulukker og utforkøyringar er den aller viktigaste ulukkesfaktoren i Noreg, og slik er det også i Sogn og Fjordane, seier Slinde.

Han tykkjer det er klokt av samferdsleutvalet å prioritere tryggleik, no når fylkeskommunen får langt mindre pengar å bruke på veg.

– Når me skal redusere innsatsen på vegsida, er eg heilt samd med hovudutvalet for samferdsle at me då må sjå på dei tiltaka som ikkje gir negativ konsekvens for menneskeliv og trafikkulukker, seier han.