Hopp til innhold

Seier nei til gruvedeponi - vil heller ha statlege arbeidsplassar

Sogn og Fjordane Venstre krev at regjeringa seier nei til fjorddeponi i Førdefjorden. I staden vil dei ha statlege arbeidsplassar til Naustdal.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

NEI TIL DEPONI: I staden vil Sogn og Fjordane Venstre at Naustdal kommune får statlege arbeidsplassar.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

I helga var Sogn og Fjordane Venstre samla til årsmøte, og der var mellom anna fjorddeponi i Førdefjorden tema.

Det er uaktuelt for partiet å gå med på noko fjorddeponi, noko som kan gjere at kommunen går glipp av fleire titals arbeidsplassar.

For å kompensere for dette meiner nestleiar Øystein Djupvik, sjølv frå Naustdal, at regjeringa må sørge for statlege arbeidsplassar.

Eit konstruktiv forslag på ei vanskeleg sak, meiner han.

– Naustdal er avhengig av arbeidsplassar, og kommunen er rigga for vekst. Kritikken mot Venstre har vore at vi er imot vekst, men det er vi ikkje.

– Vi seier no til regjeringa at i staden for fjorddeponi, vil vi ha statlege arbeidsplassar flytta til Naustdal, seier han.

Gruvedrift kan gje 175 arbeidsplassar

Venstre har heile tida vore positive til gruvedrift i Vevring. Planane til Nordic Mining om utvinning av mineralet rutil vil kunne gje kommunen 175 sårt tiltrengde arbeidsplassar.

Men Venstre har heile tida sagt klart nei til planane om deponering av overskotsmasse i Førdefjorden. Av omsyn til miljøet er det heilt uaktuelt for partiet.

Saka om gruvedrift ligg no til endeleg avgjerd hos Miljøverndepartementet, og på fylkesårsmøtet i helga gjentok Venstre i ei fråsegn at dei seier ne til deponi.

Nektar gå på akkord med miljøet

I fråsegna har dei også teke inn eit konstruktivt forslag, fortel Djupvik.

– Vi er avhengige av arbeidsplassar, men ikkje på kostnad av miljøet.

– Vi meiner vi har ei løysing som vil ta vare på utviklingsperspektivet, men også miljøverninteressene. Nemleg statlege arbeidsplassar.

Og på spørsmål om dette ikkje er som å skrive ønskjeliste til julenissen, svarar optimisten Djupvik slik.

– Jo, men de ter jo ofte slik at ein får det ein ønskjer seg.