Hopp til innhold

Sunnfjordingane lokka hitlista til Førde

FØRDE (NRK): Eit enormt engasjement har ført fram. 27. juli kjem VG-lista til Førde.

Butikksjef Ørjan Alme hos Extra i Førde, og Førde-patriot Simon Vie feirar med kake.

KAKE: Simon Vie og butikksjef Ørjan Alme feira VG-lista til Førde med kake. – Eg var budd på det, men vart litt nervøs under sendinga, vedgår Alme (t.h.). (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Det har vore tre veker med stort engasjement i og rundt Førde. Onsdag ettermiddag vart spenninga utløyst.

Av 118 konkurrerande byar i Norge, blir Førde den femte byen som får besøk av Norges offisielle hitliste. Den store konserten blir halden utanfor Coop Extra.

– Då kan vi gratulere heile Førde og heile fylket. Det var utruleg kjekt. Dei heldt det veldig spennande. Vi fekk oss faktisk ein knekk under sendinga, men så fekk vi motivasjonen opp att mot slutten, jublar Simon Vie, som har stått i bresjen for engasjementet.

Sleppte jubelen laus

VG-TV intervjuar Simon Vie og butikksjef Ørjan Alme

SIGERSINTERVJU: VG-TV gjorde det vel spennande, men Simon Vie (i midten) og butikksjef hos Extra i Førde kunne til slutt gjere sigersintervjuet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

VG TV presenterte vinnaren under ei direktesending, som vart følgt av ein skare lokalpatriotar på Scandic Sunnfjord Hotell.

Etter ein halvtime lang sending, kunne Simon Vie og butikksjef Ørjan Alme endeleg stille til sigersintervju. Då storma VG sin reporter inn i salen til vill jubel.

– Eg sat slik plassert at eg såg han komme springande, så eg var nok den første som jubla, strålar Vie.

Førde opplever eit enormt engasjement for å lokke VG-lista til Førde.

SJÅ VIDEO: Stuntet med å la seg gylle kan vere både galskap og kreativt, men det kan også gi Førde VG-lista. (FOTO/REDIGERING: ALF VIDAR SNÆLAND)

Halv million visingar

– Kva tenkte du då?

– Det blir jo berre glede. Så mange har engasjert seg, og når vi att på til får lønn for det, så er det berre kjekt.

Sjølv har Vie sytt for ei lang rekkje av både videoar og bilete. Han har fridd til Flora-ordføraren og fått ei folkesamling dynka i gylle.

Feira med kake

KAKE: Det var laga til kake i høve utnemninga av den femte byen som får besøk av VG-lista.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Arbeidet har smitta, og siste bilete og videoar med ‪#‎extravglistatilførde‬‬ har nærast innteke sosiale media.

– Vi har filma langt over 5 000 personar, nådd ut til 1,2 – 1,3 millionar menneske berre gjennom Førdianar-sida på Facebook, der vi ha promotert mykje. Vi har hatt over ein halv million visingar på videoane, seier han.

Imponerte

– Nei, vi er i siget no. No tok vi Brann, vi vinn VG-lista, Sogndal får køyrt seg i morgon, og vi hadde EM i vektløfting som engasjerte veldig. I fare for å gløyme einskilde så er det nesten skummelt å nemne nokon, legg Vie til.

Simon Vie og Ørjan Alme

BARNEHAGE: Nærleiken Barnehage var mellom dei som var representerte under seansen på Scandic Sunnfjord hotell.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Øyvind Solstad, jurymedlem og ansvarleg for sosiale medium i VG, seier til avisa at det stod mellom fire-fem byar til slutt. Vesle Førde trekte det lengste strået.

– I Førde er det veldig mange som har engasjert seg; ungdomar, vaksne, politikarar, næringsliv, politi/brann/ambulanse, klubbar og organisasjonar. Det har kome inn mykje ulike bilete og videoar, og galskapen har vore stor!

– Stor galskap

Tom Farsund har gjennom ei årrekkje vore engasjert i reiseliv og næringsliv i Førde og Sunnfjord. Han er imponert og meiner merksemda er utelukkande positiv.

– Det er tøft måten Førde har engasjert seg på. Eg har aldri sett liknande den tida eg har vore her, seier han.

– Eg seier berre heia Jølster, heia Gloppen, heia Flora og heia heile fylket, avsluttar han.