Kajakkpadlarar verfaste i Gulen - PÅ VEG TIL NORDKAPP: Lars Eirik Eriksen (t.v.) og Magnus Nilsen. - Foto: Kåre Ness /

PÅ VEG TIL NORDKAPP: Lars Eirik Eriksen (t.v.) og Magnus Nilsen.

Foto: Kåre Ness

Vêret hindra Nordkapp-padlarar

Det dårlege vêret dei siste dagane har skapt vanskar for mange, også for to kajakkpadlarar som måtte vente før dei kunne krysse Sognesjøen.

I går låg dei to i Gråvika i Gulen. Dei skal padle frå Lindesnes til Nordkapp, men den sterke vinden i helga og i går gjorde at dei måtte ta ein pause. På ettermiddagen kom dei seg vidare til Mjømna.

Dei to, Magnus Nilsen og Lars Eirik Eriksen, er medlemmer i kajakklubben Nordkaperne 71 grader nord. I dag håpar dei at det let seg gjere å kome seg over Sognesjøen.

Kajakkpadlarar verfaste i Gulen - LANDLIGGE: Magnus (t.v.) og Lars. - Foto: Kåre Ness /

LANDLIGGE: Magnus (t.v.) og Lars.

Foto: Kåre Ness

– Ikkje imponerande framdrift

Då NRK Sogn og Fjordane snakka med dei i går ettermiddag var dei ikkje heilt nøgde med framdrifta i Sogn og Fjordane, fortel Magnus Nilsen.

– Etter kartet har vi padla to-tre kilometer inn i Sogn og Fjordane, så det har ikkje vore imponerande så langt...

– Men du kjem nordfrå, så du er kanskje vand med slikt ver?

– Ja, vi kjem frå Nordkapp både eg og Lars, vi har ikkje berre godvêr der.

Kvir seg for Sognesjøen i kuling

– Kva gjer de på slike dagar når de ikkje kan gjere noko anna enn å vente?

– Vi spelar Yatzy heilt til terningane blir runde, og så har vi gått ein tur, for det har ikkje regna heile tida. Men vi ligg eigentleg mest og ser på vêrmeldinga. Sognesjøen i sterk kuling trur eg ikkje vi skal satse på.

– Har de nokon tidsfrist då de må vere framme på Nordkapp?

– Ja, eg må på jobb igjen 15. juli. Då bør eg vere framkomen, eg jobbar i politiet, det er vanskeleg å ta vakter frå sjøen. Men vi har ein viss margin å gå på, og vi satsar på lengre økter mot slutten. Vi padlar oss i form.

Kajakkpadlar verfast i Gulen - PAKKING: Magnus Nilsen er nøye med pakkinga. - Foto: Kåre Ness /

PAKKING: Magnus Nilsen er nøye med pakkinga.

Foto: Kåre Ness

På turen gjennom Sogn og Fjordane har dei planar om å stanse i Askvoll og Florø, men elles er det berre å padle når det går an å padle. På bloggen som dei oppdaterer undervegs ber dei om støtte til RS Ung, som er ungdomsavdelinga til Redningsselskapet.

«Nervepirrande i nynorskområde»

På bloggen har dei og kommentert at dei padlar inn i annleis- og nynorskfylket Sogn og Fjordane:

I går kveld fikk jeg dessuten en urovekkende telefon hjemmefra. Albert, som er gift med min mor, har oppdaget at vi er i ferd med å padle inn i nynorskområdet. Det er ikke til å spøke med. Hvordan vil nynorsk-folket reagere på utlendinger? Vil de være vennligsinnede?

Heldigvis kan min assistent Kåre Klein nynorsk. Han vil forsøke å infiltrere miljøet for å se hva de pønsker på. Han frykter at nynorske padlere kan reagere på at vi kommer utenfra og tar jobbene deres.

Selv hadde jeg 5 i nynorsk, men vet at jeg fort kan bli avslørt hvis de tvinger meg til å bøye verb. Dette blir en nervepirrende etappe. Vi har skaffet oss nynorske padleuniformer, og satser på å holde oss mest mulig unna folk. Må vi snakke med folk, vil vi kun svare med enstavelsesord, og slenge inn et «til dømes» med ujevne mellomrom.

Kajakkpadlarar verfaste i Gulen - KLARE FOR NY ETAPPE: Padlarane håpar å krysse Sognesjøen i dag. - Foto: Kåre Ness /

KLARE FOR NY ETAPPE: Padlarane håpar å krysse Sognesjøen i dag.

Foto: Kåre Ness

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.
Aktørane i tingretten på befaring på Bryggja i dag i samband med bildrapssaka.
Ny utgåve av fotballstudio
Den nye akutt-basen ved Førde sentralsjukehus til 166 millionar kroner kan bli malen for resten av helse-Norge.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Ottar Starheim / NRK
Foto: Ottar Starheim / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her