Hopp til innhold

Valsvik går til Strømsgodset

Gustav Valsvik passerte i dag den medisinske testen og er med det klar for Strømsgodset.

Gustav Valsvik
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Spelaren sjølv seier han lenge har vore klar til å ta eit nytt steg i karrieren.

– Difor var det ikkje noko å tenkje på når Godset melde sin interesse. Då var det berre å takke ja og hoppe i det, seier han.

Ingen garantiar om fast plass

Gustav Valsvik seier han føler seg ønska av Strømsgodset og trur han vil bli satsa på. Men nokon garantiar om fast plass på laget har han ikkje fått.

– Eg må nok kjempa om plassen som alle andre. Men det er noko eg trur vil hjelpe meg til å bli ein betre fotballspelar. Eg håpar på å bli klar allereie til kampen på laurdag, så få vi sjå kor mykje speletid det blir dei første kampane, seier han.

I løpet av tida i Sogndal har han sett fleire lagkameratar ta store steg etter klubbskifte.

Even Hovland fekk oppfylt proffdraumen då han tidlegare i sommar gjekk frå Molde til tyske Nürnberg. Medan ein annan tidlegare forsvarskollega, Per Egil Flo, har imponert etter overgangen til Molde og med det spelt seg inn i landslagsdiskusjonen.

– Det å skifte klubb og miljø har vore positivt for både Even og Per Egil. Det er difor eg tek dette steget her no, for å utvikle meg som fotballspelar, seier Valsvik.

Har ambisjonar om landslagsspel

Også Valsvik håper at klubbskiftet kan føre han nærmare draumen om å ein gang spele med flagget på brystet.

– Ja, sjølvsagt. Ein må ha ambisjonar og det er ein av dei. Det bør eg ha. Alle bør ha ein draum om spele seg inn på landslaget, seier han.

I dag spelar Strømsgodset kvalifisering til Champions League mot rumenske Steaua Bucuresti. Men sjansen til å få delta på øvste nivå i europeisk klubbfotball var ikkje avgjerande for at det til slutt vart Godset.

– Det var ikkje difor eg valde dei, men det er sjølvsagt kjempekjekt at dei er med der. Det er alle sin draum å få spele i ein slik viktig konkurranse, seier han.

To midtstopparar vekke på to dagar

Gustav Valsvik er allereie på plass i Drammen der han i dag har gjennomført den medisinske testen. Dermed er alle formalitetane i boks.

– Vi tykkjer det er flott at ein toppklubb som Godset vel å signere ein spelar frå oss, seier sportsleg leiar Håvard Flo i ei pressemelding på Sogndal Fotball sine nettsider.

– Vi er særs glade for at Gustav har fått denne moglegheita, og at han kan halde fram den gode utviklinga hos Godset, seier han.

For berre halvanna veke sidan skal Valsvik også ha vore aktuell for serieleiar Molde.

Overgangen til Godset kjem i stand berre éin dag etter at Azar Karadas vart samd med Brann om ein overgang til bergensklubben. Dermed har Sogndal selt to midtstopparar på to dagar.

Sportsleg leiar Håvard Flo har tidlegare sagt til NRK.no at dei er på jakt etter erstattarar.

Ifølgje Sogn Avis vurderer Sogndal å signere Emmanuel Okine (22) som erstattar for Azar Karadas. Ghanesaren er ein duellsterk midtstoppar. Han er for tida under kontrakt med svenske Rosengård. Også franske Christophe Psyché er på prøvespel med klubben denne veka.